Nytt nasjonalt hesteregister
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 02.06.2017
Frå 1. juni er eit nytt nasjonalt hesteregister i drift.
Det er Norsk Hestesenter som skal drifte hesteregisteret. Registeret skal samle opplysningar om alle hestar som blir haldne permanent i Noreg.
Landbruks-og matdepartementet har fastsett endringar i hestepassforskriften med verknad frå 1. juni 2017. Endringane gjeld mellom anna krav om rapportering til det nye nasjonale hesteregisteret og innføring av maksimalpris for kor mykje eit hestepass kan koste. Det er framleis krav om at alle norske hestar skal ha eit slikt pass.