Historisk arkiv

Nytt nettbasert arealbarometer fra NIBIO

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Statistikk om arealressursane i landets kommunar og fylke er samla i Arealbarometeret som no er klart på nibio.no. Her finst oversikt over ressursane som utgjer produksjonsgrunnlaget for jord- og skogbruk i Noreg. Arealbarometeret viser og dagens bruk av jordbruksareala, og kor mykje som er i bruk til ulike produksjonar.

Tala bak Arealbarometeret er henta frå ulike temakart som NIBIO utarbeider. Alle desse karta ligg på kartportalen Kilden som ein kan klikke seg direkte inn på frå Arealbarometeret.

Tidlegare blei Arealbarometer laga ved å hente og sette saman informasjon frå ulike kjelder  gjennom manuelle prosessar som munna ut i eit statisk pdf-dokument. Det var eit arbeidskrevjande og sårbart system. Sidan den nye løysninga hentar informasjon direkte frå databasar, er det ein dynamisk versjon av nye arealbarometeret som no er tatt i bruk. Når endringar skjer i basen, vil og arealbarometeret bli oppdatert.

Gårdsveg. Vold i Råde.
Gårdsveg. Vold i Råde, Foto: ©Oskar Puschmann/NIBIO