Presseinvitasjon:

Nytt norsk-russisk helsesamarbeid

Eit nytt norsk-russisk helsesamarbeidsprogram skal signerast av statssekretær Anne Grethe Erlandsen frå Helse- og omsorgsdepartementet og viseminister Igor Kagramanyan frå det russiske helseministeriet.

Frå norsk side deltar også statssekretær Frode G. Hestnes.

  • Stad: Kirkenes sykehus
  • Tidspunkt: Måndag 27. mars 2017 klokka 13.30.

Den nye avtalen omhandlar fleir aktuelle tema som nedkjemping av infeksjonssjukdomar, minska bruk av rusmiddel, kriseberedskap, høgteknologisk behandling og samarbeid innan primærhelsetenesta.  

I samband med signeringa er det lagt opp eit to-dagar langt program for statssekretærane.