Historisk arkiv

Nytt rundskriv om praktiseringa av føresegnene i forskrift om seter og tilleggsjord m.m. i statsallmenningane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet sender i dag ut eit nytt rundskriv om praktiseringa av føresegnene i forskrift om seter og tilleggsjord m.m. i statsallmenningane av 22. juni 1984 nr. 1302. Rundskrivet erstattar rundskriv M-4/2009.

Rundskrivet er oppdatert i høve til forskriftsendringar i 2014 og ei tolkingsuttale frå departementet i 2012. Følgebrevet til rundskriv M-4/2009 er tatt inn som innleiing i det nye rundskrivet, og oppdatert. Forskriftsrevisjonane i 2007 og 2009 er også omtala i innleiinga. 

Rundskrivet blir no berre lagt fram elektronisk. Sjølve forskriftsteksta er ikkje lagt inn i rundskrivet, men det er lagt inn lenker til seterforskrifta, andre forskrifter, og til fjellova og andre lovar. Innhaldet i rundskrivet er ikkje vesentleg endra, ut over nokre oppdateringar, språklege rettingar og presiseringar.