Historisk arkiv

Nytt styre for Fond for lyd og bilde 2018-2020

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet har oppnemnt styre i Fond for lyd og bilde for perioden 2018 til 2020. Kulturentreprenør Stein Bjelland frå Stavanger er gjenoppnemnt som styreleiar.

Styret har sju medlemar med personlege varamedlemar. Leiar og personleg varamedlem for leiar er oppnemnde av Kulturdepartementet på fritt grunnlag. To styremedlemar med varamedlemar er oppnemnde etter innstilling frå produsentorganisasjonane. Fire medlemar med varamedlemar er oppnemnde etter innstilling frå opphavsretts- og utøvarorganisasjonar.

Styreleiar, tre styremedlemar og fire varamedlemar er gjenoppnemde for perioden 2018-2020.

Styret har etter dette fått denne samansetninga:

Leiar: kulturentreprenør Stein Bjelland, Stavanger
Vara for styreleiar: Susanne Næss Nielsen, Hammerfest

Representantar for produsentorganisasjonar:

Medlem: Marte Thorsby, Oslo (ny)
Varamedelem: Jørn Dalchow, Oslo (ny)
Medlem: Øyvind Sauarlia, Notodden
Varamedlem: Kristine Knapskog, Bergen (ny)

Representantar for opphavsrettsorganisasjonar:

Medlem: Tove Bøygard, Oslo (ny)
Varamedlem: Bjørn Bolstad Skjelbred, Oslo
Medlem: Trygve Luktvasslimo, Vefsn
Varamedlem: Karianne Stensland, Trondheim

Representantar for utøverorganisasjonar:

Medlem: Hans Mathisen, Sandefjord
Varamedlem: Christine Thomassen, Oslo
Medlem: Ragna Lindboe, Oslo (ny)  
Varamedlem: Torfinn Iversen, Sortland (ny)