Historisk arkiv

Nytt styre for Office of Contemporary Art (OCA)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet har no oppnemnt nytt styre for OCA, for perioden juli 2021 – juli 2025. Ny styreleiar vert Trude Gomnæs Ugelstad, som er kunstnarleg direktør ved Sørlandets kunstmuseum i Kristiansand.

- OCA er ein viktig ambassadør for biletkunstnarane i landet vårt. Pandemien har tvillaust vore hemmande for verksemda siste året, men no gjeld det om å sjå framover. Ikkje minst ser eg fram til neste års kunstbiennale i Venezia, der OCA har ansvaret for den nordiske paviljongen med spanande representasjon av samiske kunstnarar. Eg er glad for at me no har fått på plass eit nytt og godt kvalifisert styre som vil ha eit godt grep om dette arbeidet i åra som ligg framom oss, seier statsråd Abid Raja.

Styremedlemer vert utpeika dels på fritt grunnlag av KUD og UD, og dels etter framlegg frå Unge Kunstneres Samfund (UKS), Norske Billedkunstnere (NBK), og etter framlegg frå Nasjonalmuseet. Ei viktig oppgåve for det nye styret vert å rekruttera ny direktør etter Katya Garcia-Antón.

OCA er ei stifting skipa av KUD og UD i 2001 for å auka og profesjonalisera norsk deltaking i internasjonalt samarbeid på biletkunstområdet. OCA mottek i 2021 driftstilskot på i alt 20,5 mill. kroner.

Det nye styret har denne samansetjinga:

Verv  Namn
Leiar Trude Gomnæs Ugelstad (ny) 
Styremedlem Sille Storihle (ny)
Personleg varamedlem      Anders Eiebakke (ny)
Styremedlem Stina Høgkvist (ny, tidl. vara)
Personleg varamedlem      Randi Godø (ny) 
Styremedlem Stine Helen Pettersen (gjenoppn.) 
Personleg varamedlem      Lars Mørch Finborud (gjenoppn.)
Styremedlem Kristoffer Dolmen (ny)
Personleg varamedlem      Kamilla Sharma (ny)