Historisk arkiv

Nytt styre i Språkrådet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Statsråd Anniken Huitfeldt har oppnemnt nytt styre for Språkrådet. Ottar Grepstad, forfattar og direktør for Nynorsk Kultursentrum blir styreleiar.

Statsråd Anniken Huitfeldt har oppnemnt nytt styre for Språkrådet. Ottar Grepstad, forfattar og direktør for Nynorsk Kultursentrum blir styreleiar.

- Eg er glad for at vi har fått på plass eit godt og kompetent styre for Språkrådet. Vi kjem no raskt til å lyse ut stillinga som direktør for Språkrådet, seier kulturminister Anniken Huitfeldt.

Styret i Språkrådet til 31.12.2014:

Ottar Grepstad, Volda, leiar (f. 1953, forfattar og direktør for Nynorsk Kultursentrum, rådsmedlem i Norsk kulturråd 2005–2009, styremedlem i Språkrådet 2006–2010.)

Åse Lill Kimestad, Mandal, nestleiar (f. 1955, rektor ved Vågsbygd videregående skole, medlem av fagrådet for høgare utdanning i Språkrådet)

Trond Trosterud, Tromsø (f. 1962, førsteamanuensis i samisk språkteknologi ved Universitetet i Tromsø)

Åse Wetås, Oslo (f. 1972, prosjektdirektør for Norsk ordbok 2014)

Sigrun Høgetveit Berg, Tromsø (f. 1972, cand. philol, stipendiat ved Universitetet i Tromsø)

Helene Uri, Oslo (f. 1964, forfattar og språkvitar, dr. art. i lingvistikk)

Kamil Øzerk, Oslo ( f.1954 på Kypros, tyrkisk-norsk pedagog, dr. polit., professor i pedagogikk ved Universitetet i Oslo. Har mellom anna forska på tospråkleg opplæring)

Ola T. Lånke, Trondheim (f. 1948, prest, tidlegare stortingsrepresentant for Kr.F.)

Oppnemnde etter val av dei tilsette:

Margrethe Kvarenes (rådgjevar, BM),
Daniel Ims (rådgjevar, NYNO), 

Varamedlem:

Lars Rottem Krangnes, Oslo (nasjonal konsulent i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner, med samfunnskontakt som ansvarsområde)

Bente Christensen, Oslo (leiar av Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo)

Til toppen