Historisk arkiv

Nytt styre ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Lisa Cooper blir ny styreleiar og Bård Folke Fredriksen, Mathilde Aggebo og Jacob Aars blir styremedlemar ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO) i neste periode. Nye varamedlemar er Heidi Hemstad og Ragnar Evensen.

Kunnskapsdepartementet har utpeikt ny styreleiar og nye styremedlemar ved AHO for perioden 1. august 2021 til 31. juli 2025.

– Lisa Cooper er ein dyktig og engasjert styreleiar med svært god kjennskap til AHO. Eg trur det nye styret vil bidra til å styrke AHO som høgskole, og arbeide for forsking og eit enda tettare samarbeid med næringslivet og offentleg sektor til beste for studentane, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Lisa Cooper (Oslo) kjenner høgskolen godt som tidlegare styremedlem. Cooper har brei leiar- og styreerfaring frå både offentleg og privat verksemd og er administrerande direktør i Catalysts.  Cooper har også internasjonal erfaring.

Nye styremedlemar:

Bård Folke Fredriksen (Oslo) er administrerande direktør i Norske Boligbyggelags Landsforbund (NBBL). Fredriksen har brei politisk erfaring mellom anna som statssekretær og byråd for byutvikling i Oslo kommune. 

Mathilde Aggebo (Købenahavn) er rektor ved Designhøyskolen, Det Kongelige Akademi København (KADK). Aggebo har lang styreerfaring.

Jacob Aars (Eidsvågneset) er professor, og leiar for institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap ved UiB, og har lang leiar- og forskarerfaring frå akademia.

Varamedlemar:

Heidi Hemstad (Nes på Hedmarken) er dagleg leiar for Norsk spelt AS og styreleiar i Glommen Mjøsen Skog. Hemstad har lang erfaring som sjølvstendig næringsdrivande og styreerfaring frå mellom anna Moelven Industrier ASA.

Ragnar Evensen (Kristiansand) er direktør for by- og stadsutvikling i Kristiansand kommune. Evensen har lang leiarerfaring frå større by- og byggutviklingsprosjekt.

Styret har totalt 11 medlemar. Kunnskapsdepartementet har peikt ut fire eksterne styremedlemar, og to varamedlemar. Dei tilsette og studentane ved AHO vel resten av  styremedlemane.