Historisk arkiv

Nytt styre ved Høgskulen i Østfold

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Berit Kjeldstad blir ny styreleiar og Roald Gulbrandsen, Kari Strande og Björn Brorström blir styremedlemar ved Høgskulen i Østfold i neste periode. Nye varamedlemar er Bushra Ishaq og Svein Roald Hansen.

Kunnskapsdepartementet har utpeikt ny styreleiar og nye styremedlemar ved Høgskulen i Østfold for perioden 1. august 2021 til 31. juli 2025.

– Eg er veldig glad for at desse har sagt ja til å sitje i styret. Kjelstad er ein erfaren styreleiar med lang leiarerfaring frå akademia. Eg trur det nye styret vil bidra til å styrke høgskulen si rolle i omstillinga i regionen gjennom eit enda tettare samarbeid med næringsliv og offentleg sektor. Det er også avgjerande for studentane, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Berit Kjelstad frå Ranheim er noverande styremedlem. Ho har tidlegare vore prorektor ved NTNU, professor i fysikk og vinnar av NOKUT sin ærespris for sikring og utvikling av kvalitet i norsk høgare utdanning. Kjelstad er dermed svært godt rusta til vervet som styreleiar.

Nye styremedlemar:

Roald Gulbrandsen (Spydeberg) er avdelingsdirektør i Næringslivets hovudorganisasjon. Han har tidlegare vore regiondirektør i NHO Østfold, og direktør for NHO Brussel. Gulbrandsen er styreleiar for fakultet for Kjemi, bioteknologi og matvitskap ved NMBU.

Kari Strande (Sarpsborg) Kari Strande (1962, Vesterøy) er noverande styremedlem. Strande er H- direktør ved Borregaard AS. Tidlegare HR-sjef i advokatfirmaet Wiersholm, og styreleiar i OK Industri, opplæringskontoret for industrien i Østfold.

Björn Brorström frå Gøteborg er styreleiar ved Högskolan Kristianstad. Han har tidlegare vore rektor ved Høgskolan i Borås, styreleiar ved Høgskolan i Kristianstad, professor i bedriftsøkonomi og styremedlem Sveriges Universitets- och högskoleförbund (SUHF) 2015-2018, samt Universitets- och högskolerådet (UHR) 2016-2018.

Varamedlemar:

Bushra Ishaq frå Oslo er assisterande bydelsoverlege, Oslo kommune.

Ho er også forfattar og forskar, og fekk Fritt ord-prisen i 2010. Medlem av integreringspanelet.

Svein Roald Hansen frå Fredrikstad er stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet. Han er tidlegare politisk rådgjevar, og statssekretær ved statsministerens kontor. Han har også vore ordførar i Fredrikstad. 

Styret har totalt 11 medlemar. Kunnskapsdepartementet utpeikar fire eksterne styremedlemar og to varamedlemar. Dei tilsette og studentane ved høgskulen vel resten av  styremedlemane.