Nytt styre ved Nord universitet

Øyvind Fylling-Jensen blir ny styreleiar og Eva Maria Kristoffersen, Anders Söderholm og Lise A. Dahl Karlsen blir styremedlemar ved Nord universitet (NU) i neste periode.

Kunnskapsdepartementet har utpeikt ny styreleiar, og nye styremedlemar ved NU for perioden 1. august 2021 til 31. juli 2025.

– Eg er trygg på at Øyvind Fylling-Jensen og dei andre styremedlemane vil bidra til å styrke utdanningane og forskinga ved Nord universitet. Det er særleg viktig for at universitetet kan bidra til å utvikle og omstille nærings- og arbeidslivet i regionen og bidra til å levere høgt kompetent arbeidskraft, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Øyvind Fylling-Jensen (Oslo) er administrerande direktør i Nofima AS i Tromsø. Fylling-Jensen har lang leiar- og styreerfaring frå kunnskapsintensivt næringsliv og lang erfaring frå omstillingsarbeid. Han har tidlegare mellom anna vore styremedlem i Forskingsrådet, og har samarbeidd med Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, i ei årrekkje.

Nye styremedlemar:

Eva Maria Kristoffersen (Straumsjøen) er leiar i Egil Kristoffersen & Sønner AS og har lang styreerfaring frå mellom anna Noregs Sjømatråd. Kristoffersen har tidlegare drive med fiskeriforsking.

Anders Söderholm (Stockholm) er professor og generaldirektør i Universitets Kanslers Ämbetet og noverande styremedlem. Söderholm har lang leiarerfaring frå svensk akademia.

Lise A. Dahl Karlsen (Brønnøysund)  er avdelingsdirektør i Brønnøysundregistera, og har lang erfaring frå offentleg og privat næringsliv. Karlsen har styreerfaring mellom anna frå Helgelandssjukehuset.

Varamedlemar blir peikt ut så snart som mogleg.

Styret har totalt 11 medlemar. Kunnskapsdepartementet har oppnemnt fire eksterne styremedlemar og to varamedlemar. Dei tilsette og studentane ved NU vel resten av  styremedlemane.