Nytt styre ved Noregs idrettshøgskole

Lars T. Ronglan har fått attval som rektor og styreleiar og Marcela Montserrat Fonseca Bustos og Øyvind Sandbakk blir reoppnemnde. Grete Ingeborg Nykkelmo og Per Nilsson er nye styremedlemar ved Noregs idrettshøgskole (NIH) i neste periode. Nye varamedlemar er Håvard Øvregård og Astrid Strandbu.

Kunnskapsdepartementet har utpeikt styre NIH for perioden 1. august 2021 til 31. juli 2025.

– Eg er veldig glad for at desse har sagt ja til å sitje i styret. Lars T. Ronglan får attval som rektor og får med seg eit svært kompetent styre som tar hand om både kontinuitet og fornying. Det nye styret vil bidra til å styrke Idrettshøgskolen i tida som kjem, til beste for samfunnet og ikkje minst studentane, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Nye styremedlemar:

Marcela Montserrat Fonseca Bustos (Oslo) er universitetslektor ved OsloMet og sit i dagens styre ved NIH. Marcelas har erfaring frå akademia og eit spesielt engasjement for mangfald, likestilling og inkludering. Bustos sikrar kontinuitet i styret, og har også erfaring frå forbundsstyret i Noregs Basketballforbund.

Øyvind Sandbakk (Trondheim) er professor ved NTNU og noverande styremedlem. Sandbakk har lang akademisk erfaring frå NTNU og UiT, samt erfaring frå offentlege oppdrag og har tidlegare vore leiar for forsking og utvikling ved Olympiatoppen.

Grete Ingeborg Nykkelmo (Oslo) er dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap Noreg og tidlegare mellom anna kommunikasjonsdirektør i Veidekke ASA. Nykkelmo har vore toppidrettsutøvar i langrenn og skiskyting.

Per Nilsson (Alvsjö) er rektor ved Gymnastikhögskolan i Stockholm og har tidlegare vore styremedlem ved NIH. Nilsson har lang erfaring frå akademia og offentlege verv og oppdrag i Sverige. Nilsson har med seg den nordiske dimensjonen inn i styret.

Varamedlemar:

Håvard Øvregård (Oslo) er seniorrådgjevar i Noregs idrettsforbund og har bidratt til at idretten skal vere ein god arena for å inkludere menneske, uavhengig av bakgrunn.

Astrid Strandbu (Tromsø) er professor på Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Strandbu har styreerfaring frå Noregs idrettsforbund og Tromsø IL.

Styret har totalt 11 medlemar. Kunnskapsdepartementet utpeiker fire eksterne styremedlemar, og to varamedlemar. Dei tilsette og studentane ved NIH vel resten av  styremedlemane.