Historisk arkiv

Nytt styre ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Remi Eriksen blir ny styreleiar og Nina Refseth, Jan Frode Janson og Bente M. Stallknecht blir styremedlemar ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i neste periode.

Kunnskapsdepartementet har utpeikt ny styreleiar og nye styremedlemar ved NTNU for perioden 1. august 2021 til 31. juli 2025.

– NTNU er eit fagleg sterkt universitet og Remi Eriksen er ein erfaren leiar med spesiell kompetanse på  kunnskapsintensivt næringsliv. Eriksen og dei andre styremedlemmene skal utfordre og inspirere NTNU til å lukkast enda betre nasjonalt og internasjonalt, samt å vere ein pådrivar for å bruke mellom anna digitalisering for å skapa ei effektiv verksemd som leverer utdanning og forsking på høgt nivå, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Remi Eriksen (Oslo) er administrerande direktør i DNV (Det Norske Veritas) og har lang leiarerfaring frå kunnskapsintensivt næringsliv og har styreerfaring frå mellom anna programstyrer i Forskingsrådet. Eriksen har også lang internasjonal leiarerfaring med lengre opphald i Asia.

Nye styremedlemar:

Nina Refseth (Oslo) er direktør på Norsk Folkemuseum og noverande styremedlem. Refseth har brei leiar- og styreerfaring frå kultursektoren.

Jan Frode Janson (Trondheim) er administrerande direktør i SpareBank 1 SMN og har lang leiar- og styreerfaring frå næringslivet mellom anna i Nord-Noreg, og Trøndelag.

Bente M. Stallknecht (København) er prorektor, Københavns universitet med særleg ansvar for utdanning, klima/berekraft, karrierevegar for vitskapleg personale, og for digitalisering av utdanning.

Varamedlemar vert peikt ut så snart som mogeleg.

Styret har totalt 11 medlemar. Kunnskapsdepartementet har oppnemt fire eksterne styremedlemar og to varamedlemar. Dei tilsette og studentane ved NTNU vel resten av  styremedlemane.