Historisk arkiv

Nytt tankanlegg for flydrivstoff

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Forsvarsdepartementet

Etter at Stortinget ga sitt samtykke i 2006, vart ein avtale inngått mellom Noreg og USA om førehandslagring og forsterking av Noreg. I avtalen er forsyning av flydrivstoff ei av oppgåvene. Det er no naudsynt å betre tilstanden og kapasiteten på anlegga for drivstoff i Trøndelag.

- Værnes flystasjon har ei viktig rolle i forsvarskonseptet for Noreg, mellom anna som ein base for å ta imot allierte styrkar for forsterking. Den planlagde verksemda på Værnes krev mykje flydrivstoff, og det set store krav til kapasitet og tilgjenge, seier forsvarsminister Ine Eriksen Søreide.

Ulike løysingar for å lagre drivstoffet er vurderte. Forsvaret treng i hovudsak å lagre flydrivstoff i den nasjonale beredskapen og til støtte for allierte forsterkingar. Drivstoff kan ikkje lagrast over lang tid, og etter ei viss tid må drivstoffet destruerast. Ei god løysing er difor å inngå eit samarbeid med ein part som kan levere flydrivstoff til den sivile verksemda på Værnes. Planen er at Forsvaret bygger eit tankanlegg for flydrivstoff som òg kan nyttast i den daglege sivile drifta på Værnes.

I prosjekteringa har ein sett på fleire moglege plasseringar av tankar for flydrivstoff, og ein har kartlagt dei anlegga som finst i dag. Den beste løysinga er å bygge eit nytt anlegg i Muruvik i Malvik kommune. I prosjektet skal ein skaffe naudsynt areal, utbetre og sikre kaia, og etablere tankar for flydrivstoff. Drivstofftankane skal vidare plasserast i eit oppsamlingsbasseng slik gjeldande krav er. Det skal og byggast eit teknisk bygg med lager, verkstad, pumper og reservekraft, og vidare eit bygg med kontrollrom som skal vere bemanna ved lossing av båtar. Ei leidning for drivstoff skal gå frå anlegget i Muruvik og inn på Værnes flystasjon.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 309 millionar kroner medrekna meirverdiavgift og ei avsetjing for usikkerheit. Styringsramma for prosjektet er 284 millionar kroner.