Historisk arkiv

Nytt utvald kulturlandskap i Hordaland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet har peika ut 10 nye utvalde kulturlandskap i jordbruket i 2017. Havrå i Osterøy kommune er ein av desse, og representerer eit eineståande fjordgardsanlegg. Anlegget er unikt og har eit mangfald av bygningar som høyrer til eit før-industrielt klyngetun.

 

– For å ta vare på Noreg sitt unike kulturlandskap er det avgjerande med jordbruk over heile landet, kunnskap om områda, og dyktige grunneigare. No gir vi 4 millionar kroner til dei nye utvalde kulturlandskapa. Pengane skal gå til vedlikehald og stell av landskapet. Det er eit bidrag til å ta vare på kulturlandskapet vårt i mange år framover, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Havrå i Osterøy kommune representerer eit eineståande fjordgardsanlegg. Anlegget er unikt og har et mangfald av bygningar som høyrer til eit før-industrielt klyngetun.
Havrå i Osterøy kommune representerer eit eineståande fjordgardsanlegg. Anlegget er unikt og har et mangfald av bygningar som høyrer til eit før-industrielt klyngetun. Foto: Øyvind Vatshelle.

Skildring av området

Det sørvendte klyngetunet på Havrå ligg mellom to åsryggar i eit komplett kulturlandskap frå stø til li, med teigdelinga intakt. Havrå representerer i dag eit eineståande fjordgardsanlegg. Heile området vart freda som kulturmiljø etter kulturminnelova som det første i Noreg i 1998. Føremålet er å ta vare på og sikre eit nasjonalt kulturhistorisk og arkitektonisk eineståande fjordgardsanlegg, både som historisk referanse og kjelde til kunnskap om levekår. I tillegg skal det sikre driftsforma knytt til det førindustrielle landbruket med tilhøyrande binæringar og opplevingsverdien av staden.

Området har ein mosaikk av fleire kulturbetinga naturtypar, der slåttemark, naturbeitemark, hagemark, haustingsskog, beiteskog og store, gamle tre er blant dei viktigaste typane. Slåttemarka og haustingsskogen er nasjonalt verdifulle lokalitetar. Det eldste kulturminnet på Havrå er nede ved fjorden med gjenstandsfunn frå steinalderen. Her finst mellom anna åkerreiner frå slutten av steinalderen, spor etter busetnad frå bronsealderen, tufter frå øydegardsanlegg, og ein åker frå vikingtid.

Fegata frå tunet og bøgarden mellom innmark og utmark er godt bevarte. Det tradisjonelle klyngetunet, med åtte ulike bruk og 32 bygningar, er nær intakt. Midtlies finst steingardar og gardflorar, seks kvernhus med renner og hjul ved elva, og fleire naust og ei utrasa kai ved sjøen. Den gamle vegen langs fjorden går frå gard til gard. Gamle vegfar går elles frå tunet og ut i landskapet, der det ogso finst eit omfattande veitesystem.

Held fast ved tradisjonelle drifsmåtar

Kring 20 grunneigarar eig husa i tunet, delvis nytta som fritidsbustad og nokre faste busette. Hordaland fylkeskommune har ansvar for anlegget og drifta gjennom Museumssenteret i Hordaland, som eig og driv tre av bruka med fire tilsette på årsbasis. Museumssenteret driv med husdyrhald og åkerbruk. Tre grunneigarar driv noko i mindre skala. Dei tradisjonelle driftsmåtane med stadeigen reiskapskultur og arbeidsteknikk vert haldne i hevd. Andre grunneigarar driv med slått, sauehald og åkerbruk.

Eit utvald kulturlandskap

Havrå er ein heilskapleg fjordgard, slik dei var før utskiftinga på 1800-talet. Garden er arkitektonisk og kulturhistorisk eit nasjonalt eineståande fjordgardsanlegg med eit svært godt bevart vestnorsk klyngetun med original teigblanding. Sidan jordbruksareala aldri har vore utskifta, er bygningar og teigar organisert og drifta i eit elles utdøydd eigedomssystem. Her finst svært lite av nyare inngrep og modernisert drift.

Jordbrukshistoria på Havrå går 3500 år tilbake. Spor etter dyrking og busetjing syner uavbrote bruk av området. Sjølv om det er spor etter ein øydegard, har sjølve Havrågarden vore brukt kontinuerleg. Havrå er representativ for den historiske vestlandske fjordgarden. Anlegget er unikt og har et mangfald av bygningar som høyrer til eit før-industrielt klyngetun.

Koplinga mellom eit mangfald av kulturminne, åkrar og kulturmarker i teigblanding og den tradisjonelle drifta gjer Havrå til ei sjeldan og viktig kjelde til kunnskap både om kulturhistorie og kulturavhengige naturverdiar. Mange forskingsprosjekt er knytt til Havrå, og staden har stor pedagogisk verdi. Gjennom Museumssenteret si drift har Havrå i dag ein ubroten tradisjon av gardsdrift med gamle driftsmetodar frå før hesten vart vanleg i landbruket. Arbeidet og metodane er godt dokumentert, mellom anna i den vidgjetne Havråfilmen frå 1950.

Planar for tiltak i området

Ein ser det som viktig å skape gode strukturar for samhandling mellom grunneigarar, Hordaland Museumssenter og forvaltninga, samt oppdatere forvaltningsplan, lage nye skjøtselsplanar og utarbeide felles langsiktig visjon. Konkrete tiltak er å hindre mogleg ras som potensielt kan gje store skader på området. Ein har ogso planar om å auke dyretalet med passande rasar, og sikre skjøtsel på innmarka som er i drift utover det som vert drive av Museumssenteret. Bygningar i utgjerdet og naustmiljøet er ikkje ein del av klyngetunet, men ein vil ta vare på desse som del av det utvalde kulturlandskapet.

Nykeltal

  • Areal: 2500 daa
  • Fulldyrka: 0,5 daa
  • Overflatedyrka: ca 75 daa 
  • Innmarksbeite: ca 105 daa