Nytt utvald kulturlandskap i Telemark

Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet har peika ut 10 nye utvalde kulturlandskap i jordbruket i 2017. Hjartal og Svartdal i Telemark er blant desse, og er kjent for sine rike kulturlandskapskvalitetar.

– For å ta vare på Noreg sitt unike kulturlandskap er det avgjerande med jordbruk over heile landet, kunnskap om områda, og dyktige grunneigare. No gir vi 4 millionar kroner til dei nye utvalde kulturlandskapa. Pengane skal gå til vedlikehald og stell av landskapet. Det er eit bidrag til å ta vare på kulturlandskapet vårt i mange år framover, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet har utpeikt 10 nye utvalde kulturlandskap i jordbruket i 2017. Hjartal og Svartdal i Telemark er blant dei, og er kjent for sine rike kulturlandskapskvalitetar.
Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet har utpeikt 10 nye utvalde kulturlandskap i jordbruket i 2017. Hjartal og Svartdal i Telemark er blant dei, og er kjent for sine rike kulturlandskapskvalitetar. Foto: Sissel Rübbert.

Området er prega av ein mosaikk av ulike typar bruk, og har eit stort og sjeldant artsmangfald og kulturmarkstypar. Ein kan og finne ei rekkje kulturminne og freda og verneverdig bygningsmasse. Bratte fjellsider omkransar gamle gardsklynger i dalbotnen, midtli-gardar oppe i frodige dalsider, og småbruk og husmannsplassar i baklier og trongare sidedalar. 

Mange verdifulle naturtyper

'Svært mange lokalitetar med nasjonalt verdfulle naturtyper er registrert i kulturlandskapet i Hjartdal og Svartdal. Særleg er dette knytt til slåtteenger og store areal med haustingsskog og naturbeitemark. I skogsområda er mykje rik edellauvskog og rik blandingsskog knytt til næringsrik berggrunn registrert. Artsmangfaldet i slåtteenger og gamle edellauvtrær er stort, med mange truga artar frå fleire artsgrupper. I slåtteengene finst mellom anna kvitkurle, bakkesøte, landets største bestandar av søstermarihand, og einaste innlandslokalitet med ormetunge. Apollosommarfugl og fleire sterkt truga sommarfuglar-, bier-, veps- og billeartar knytt til blomsterrike enger er registrert.   

Det er kjente gravfelt i dalsidene i Hjartdal, mellom anna «Kjempehaugen». Området har fleire typar bygningar knytt til det tradisjonelle landbruket. Kulturarven blir tatt vare på ved at tradisjonelle driftsmåtar, eksempelvis knytt til slått og lauving, som er halde i hevd i ubroten tradisjon mange stader. I lag med levande tradisjonar knytt til musikk, mat og handverk blir kulturhistorie, tradisjonar brukt i formidling og reiselivsverksemd hjå fleire aktørar.

Mat- og jordbruksproduksjon

Området har omtrent 200 grunneigarar. Om lag 50 landbruksføretak i Hjartdal og Svartdal produserer mjølk og kjøt frå storfe og småfe. Areala vert brukte til grasproduksjon, beite og hausting av slåtteenger og lauvingslier. Sau, storfe, hest og geit beiter i innmark og utmark. I Hjartdal er det totalt vel 2000 dyr og i Svartdal er det i underkant av 1100 dyr, til saman ca 3100 dyr. Omtrent 85 prosent av beitedyra er sau og lam, mens 12 prosent er storfe. Dette viser god tilgang på beitedyr innanfor området. I tillegg er det mange storfebruk omkring det definerte området i Hjartdal og Svartdal. Innanfor området finst den bevaringsverdige kurasen Telemarksku, og rasen finst også i tilgrensande bygder. 

Utvald kulturlandskap

Området har rike kultur- og naturmiljøverdiar i aktive landbruksområde. Dei to nabobygdene er bundne saman av ferdselsårene gjennom dalføra i området, og samla står dei fram som eitt større landskapsområde med visuell og romleg avgrensing innanfor eit utvald kulturlandskap. Området har ei stor tidsdjupne knytt til busetjingsspor, utmarksaktivitet og områdebruk. Gamle kulturmarker pregar landskapet. Aktiviteten i landskapet er tilpassa dei føresetnadane landskapet gjev og sørgjer for at kontinuitet og stor tidsdjupne er tydeleg i området i dag.

I nasjonal og regional målestokk er området særprega ved at mykje er tatt vare på og drive vidare på tradisjonelt vis. Dette gjev mange kulturlandskapselement, stort biologisk mangfald med sjeldne kulturmarksartar, og uvanleg stort innslag av eldre og artsrike kulturmarker. Talet på slåttemarker eller styvingstre som framleis er i hevd skil seg ut i regional og nasjonal samanheng.

Området er svært godt eigna og har vore nytta til formidling over lang tid. Lokale aktørar og fleire reiselivsbedrifter byggjer aktiviteten på røter og tradisjonar i landskapet. Kunstnarmiljøet knytt til Nutheim, Kulturlandskapssenteret i Hjartdal og Slåttefestivalen i Hjartdal er døme på dette. Området blir også nytta til forsking og undervising, særleg innanfor biologi og landskapsfag. Dei nærliggande verdsarvområda Notodden og Rjukan, samt den årlege landbruksutstillinga Dyrku’n i Seljord gjer felles formidling og reiselivsutvikling mogleg.

Planer for tiltak i området

I området vil det vere aktuelt med tiltak knytt både til tilstandsregistreringar og restaurering av bygningar, skjøtsel av kulturmark, næringsutvikling og formidling. Allereie i oppstartsfase ønskjer ein å ha eit fokus på formidling. 

Nøkkeltal for området

  • Areal: Totalt 34 000 daa.
  • Fulldyrka: 2044 daa.
  • Overflatedyrka: 562 daa.
  • Innmarksbeite: 1811 daa.
  • Skog/utmark: 26746 daa.