Historisk arkiv

Nytt utvald kulturlandskap i Buskerud

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet har peika ut ti nye utvalde kulturlandskap i jordbruket i 2017. Leveld i Ål kommune er eit av dei. Det er eit rikt og variert kulturlandskap med mange smale teigar som blir skilde frå kvarandre med steingjerde, enkelte opp heile lia.

 – For å bevare Noreg sitt unike kulturlandskap er det avgjerande med jordbruk over heile landet, kunnskap om områda, og dyktige grunneigare. No tildeler vi 4 millionar kroner til dei nye utvalde kulturlandskapa, som går til vedlikehald og stell av landskapet. Det bidreg til å bevare kulturlandskapet vårt i mange år framover, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Leveld er eit rikt og variert kulturlandskap med mange smale teigar som blir skilde frå kvarandre med steingjerde, enkelte opp heile lia.
Leveld er eit rikt og variert kulturlandskap med mange smale teigar som blir skilde frå kvarandre med steingjerde, enkelte opp heile lia. Foto: Jørn Jensen.

Skildring av området

Leveld i Ål er ei bygd med tun på rekkje i dalsida. Bygda har ein god bevart struktur med teigdelt innmark, steingjerde og rydningsrøyser. Eit av særprega til Leveld er at beitemarkene er samanhengande frå bygda til heimstølane. Dei smale teigane strekkjer seg frå dalbotnen og oppover til utmarka, frå ca. 700 - 950 moh. Jordbrukslandskapet i Leveld er ein god representant for fjellbygdene i Buskerud og fortel ein viktig del av jordbrukshistoria i fylket. Det er svært lite nyare busetnad utanfor tuna, slik at kulturlandskapet har eit einskapleg preg.

Leveld er ei bygd med eit aktivt jordbruk. Av totalt ca. 6 000 daa blir rundt 4 000 daa brukt som innmarksbeite, 1 700 daa er fulldyrka areal og resten er skog. Alle dei 49 gardsbruka i Leveld blir drivne, og 16 av desse har i dag aktiv husdyrdrift. Landbruksdrifta består av mjølk- og kjøtproduksjon på storfe, sau og geit med tilhøyrande grasproduksjon og beite på inn- og utmark. Området har status som nasjonalt verdifullt kulturlandskap. Det har svært høg botanisk verdi og er representativt for øvre delar av Buskerud. Store område med artsrike beitemarker ber preg av lang kontinuitet. Området har stort sett bevart den tradisjonelle strukturen og unngått større inngrep i form av bustadfelt, annan busetnad som ikkje er knytt til jordbruk eller større veganlegg.

Hovudvegen går nede i dalbotnen medan bygdevegen tråklar seg fram mellom tuna i dalsida. I dalbotn er det store, flate areal med til dels fuktig og kald jord. Beste sol- og veksttilhøva finn ein ovanfor tuna. Der var det tidlegare åkrar med bygg og poteter. Mange av steingjerda stammar frå fulldyrking tidleg på 1900-talet.

Rik og mangfaldig vegetasjon

Det varierte landskapet og ulik teigbruk har gjeve ein rik og mangfaldig vegetasjon. Mellom Gurigardhovda og Gurigardstølen er det rike myrsig med både småsivaks og myrklegg. På dei kalkfattige tørrengene nord for tuna veks det både fjellplanter og meir sørlege artar som flekkgrisøyra, dunkjempe, hårsveve, tjøreblom, fjellbakkestjerne, fjelltimotei og fjellmarikåpe. På dei rike fuktengene finst skogstorkenebb, kvitbladtistel og bleikstarr. Området er representativt for øvre delar av fylket og andre øvre dalområde i Sør-Norge, med høg botanisk verdi og ei særmerkt blanding av sørlege artar og fjellplanter. Enkelte av heimstølsvollane er prega av attgroing, men det er store område med artsrik beitemark. Fleire av desse har preg av lang kontinuitet.

Området har høg kulturhistorisk verdi

Leveld har stort sett bevart tradisjonell struktur og unngått større inngrep i form av bustadfelt og andre bygg som ikkje er knytt til jordbruk, eller større veganlegg. Langs bygdevegen ligg tuna på rad og rekkje, med mange verneverdige bygningar. Eldre våningshus og uthus er godt teke vare på i dei gamle tunmiljøa, og det er fleire steingjerde, rydningsrøyser og tufter etter løer og vårfjøs.

Leveld er ei bygd med eit aktivt jordbruk. Av totalt ca. 6 000 daa blir rundt 4 000 daa brukt som innmarksbeite, 1 700 daa er fulldyrka areal og resten skog.
Leveld er ei bygd med eit aktivt jordbruk. Av totalt ca. 6 000 daa blir rundt 4 000 daa brukt som innmarksbeite, 1 700 daa er fulldyrka areal og resten skog. Foto: Jørn Jensen.

Utvalt kulturlandskap

Leveld er eit utvalt kulturlandskap fordi det er eit heilskapleg landskap prega av jordbruk over lang tid. Storparten av grenda har ut frå eigedomsstrukturen eit heilskapleg preg. Jordbrukslandskapet har røter attende til mellomalderen, men nokre hundre års øydetid kan vere ein av grunnane til at det ikkje er hus frå mellomalderen her. Det meste av areala har vore i samanhengande drift i fleire hundre år og blir framleis nytta til eng og beite. Dei fleste tuna har enkelte gamle bygningar, medan dei fleste våningshusa som er i bruk i dag og driftsbygningane er nyare.

Leveld har mykje til felles med andre fjellbygder i Buskerud og på Austlandet elles. Plasseringa i ei sørvendt li, arealbruk og bygningar er prega av mykje aktivitet gjennom 1900-tallet, og kulturminne av ulike slag på dei ekstensivt drivne areala gjer grenda representativ for dei øvre bygdene både i Hallingdal, Numedal og Sigdal. Særpreget er særleg knytt til den karakteristiske og lett synlege eigedomsstrukturen. Leveld er eit aktivt bygdesamfunn med skule og barnehage. Det finst ein sterk identitet og stoltheit over å vera levelding. I liene mot fjellet er det mange hytter og annan turistverksemd. Det er difor mange som ferdast gjennom bygda. I tillegg er det verdt å nemne den friviljuge foreininga Leveld Kunstnartun som vart stifta hausten 2011. Leveld Kunstnartun er ein arbeidsstad der utøvande kunstnarar, kulturarbeidarar og kunstfagfolk kan arbeide i kortare eller lengre periodar, og der utøvarar med ulik bakgrunn kan arbeide på tvers av sjangrar. Kunstnartunet byggjer på kulturhistoria i bygda.

Planar for tiltak i området

Framover er det planlagt å arbeide med ein forvaltningsplan og grunneigaravtalar. Til å ta seg av dette arbeidet skal det setjast ned ei gruppe med representantar frå Leveld grunneigarlag og forvaltninga. Gjennom arbeidet kan det bli aktuelt å fokusere på emne som istandsetting og vedlikehald av bygningar, steingjerde og andre kulturminne, beitetiltak og tiltak på turstigar og vegar. Naturtypekartlegging, kartmateriell og kurs er òg aktuelt. Statusen som utvalt kulturlandskap kan nyttast til næringsutvikling og dermed vera med på å styrke bygda og landbruket for framtida.