Historisk arkiv

Nytt utvald kulturlandskap i Oppland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Stølsvidda ligg på fjellet mellom Hemsedal og Valdres og er eit av dei ni nye utvalde kulturlandskapa i 2018. I kulturlandskapet står mjølkeproduksjonen sentralt, og stølsdrifta i området har fleire hundre år gamle tradisjonar.

– Kulturlandskapa er av nasjonal verdi, og denne ordninga bidrar til å ta vare på desse områda i mange år framover. Eit aktivt jordbruk med god utnytting av beiteressursar og lokalt engasjement, er naudsynt for å ta vare på natur- og kulturverdiar. Verdiskaping basert på kulturlandskapets verdiar er også eit viktig satsingsområde for denne ordninga, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Stølsvidda ligg på fjellet mellom Hemsedal og Valdres og er eit av dei ni nye utvalde kulturlandskapa i 2018.
Stølsvidda ligg på fjellet mellom Hemsedal og Valdres og er eit av dei ni nye utvalde kulturlandskapa i 2018. Foto: Kari Stensgaard.

Representerer seterlandskapet i Valdres

Stølsvidda har eit samanhengande, heilskapleg «viddeområde» der setrene stort sett ligg samla i stølsgrender spreidd i området. Stølsvidda er eit nøkkelområde som representant for seterlandskapet i Valdres - blant dei regionane i Noreg og Europa som har hatt store omfang av seterdrift. Området har framleis den største konsentrasjonen av aktive setrer i Noreg.

Blant seterbygningane ligg det hytter fleire stader, stort sett eldre og av avgrensa storleik. Ein del seterhus er oppgraderte og ombygde. Vegsystemet har god standard og er dermed òg meir prega av moderne linjeføring og oppbygging enn eldre setervegar. Driftsformen med mjølkeproduksjon basert på omfattande bruk av utmarksbeite er fremleis aktiv. Byggeskikken er representativ for dei midtre bygdene i Valdres. Dei fleste stølane har sel, fjøs og løe. Dei eldste husa er i laft og stavverk. 

Eit populært turistmål med aktiv seterdrift

Området er oversiktleg, godt tilgjengeleg og eit populært turistmål, som òg ligg nær andre turistområde i Valdres og Hallingdal. Landskapet er lett å lese og har bygningsmiljø som er prega både av eldre og nyare driftsmåtar. Det vert drive seterturisme basert på aktiv drift og formidling av denne.

Viktig for naturmangfaldet

På bakgrunn av kulturlandskapsmosaikken i seterregionen i Oppland kan ein seie at desse landskapa er viktig for naturmangfaldet. Stølsvidda har desse verdiane i svært stor grad, med kulturmark i alle gradientar av driftsintensitet og hevdtilstand.

– FNs globale berekraftsmål seier at vi skal styrke innsatsen for å verne om og sikre verdas kultur- og naturarv og setje i verk tiltak for å stanse tap av naturmangfald. Med den auka satsinga vi no har fått, vil ein oppnå at landskap langs kysten, ved fjorden, i innlandet og på fjellet, blir tatt vare på. Eg er dessutan også opptatt av at tiltak i desse landskapa kjem insekt og pollinerande artar til gode, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

Spor etter jarnutvinning

Omfattande spor etter jarnutvinning og ein jarnalderbuplass syner stor tidsdjupne.  Seterdrifta går truleg attende til seinmellomalderen, og omfanget og strukturen på seterdrifta slik ho var på sitt høgdepunkt i andre halvdel av 1800-talet er lett å oppfatte.

Planar for tiltak i området

Sikring av at drift av areal og bruk av utmarksbeite held fram har høg prioritet. Krattknusing og hogst for å avgrense gjengroing har vore og vil vere eit satsingsområde. Gjerding, med fokus på tradisjonelle gjerde i spesielt verdfulle kulturmiljø, vil vere viktig for å sikre bruk av areal og styre beitedyra. Det er stort behov for at bygningar vert tekne vare på. Her vil ein gjere ei prioritering med utgangspunkt i bygningstypar, spesielt sjeldne eller autentiske bygningar og spesielt heilskaplege bygningsmiljø etter nærare vurdering.