Historisk arkiv

OED-statssekretær Tybring-Gjedde vitja amerikansk CO2-handteringsprosjekt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Statssekretær Ingvil Smines Tybring-Gjedde har onsdag vitja CO2-handteringsprosjektet Petra Nova utanfor Houston, Texas. Prosjektet er eitt av dei første av sitt slag i verda. CO2 blir fanga frå eit kolkraftverk og sendt med røyrleidning til eit oljefelt i nærleiken.

- USA, sammen med Noreg er føregangsland innan CCS.  På verdsbasis er det enno berre eit fåtal prosjekt, men samarbeidet mellom USA og Noreg er med på å framskynda bruken av denne naudsynte teknologien , seier statssekretær Tybring-Gjedde.

Fangst, transport og lagring av CO2 er i følgje FNs klimapanel heilt naudsynt for å nå klimamåla. Noreg og USA har sidan 2004 hatt ei samarbeidsavtale om å vidareutvikle teknologi for CO2-handtering. Samarbeidet føregår gjennom forskingsprosjekt, forskarutveksling, uttesting av teknologi på teknologisenteret på Mongstad og dialog og erfaringsutveksling mellom myndigheiter.

Regjeringa har ein ambisjon om å realisere minst eitt fullskala CO2-handteringsprosjekt innan 2020.  I tillegg inneheld den norske CCS-strategien eit bredt spekter med tiltak, inkludert satsing på forsking og utvikling gjennom CLIMIT-programmet, forskingssenter for miljøvenleg energi (FME), teknologisenteret på Mongstad (TCM) og internasjonalt samarbeid. Regjeringa har òg takka ja til ein invitasjon frå EU-kommisjonen om å bli med på finansieringa av eit fullskalaprosjekt i EU.

(Arne Holhjem/OD, Olafr Røsnes, energiråd i Washington, statssekretær Ingvil Smines Tybring-Gjedde, Grace M. Bochenek/ Director National Energy Technology Laboratory, Bente Nyland/OD, Maryann Løcka/OED, foto: OED)