Historisk arkiv

OED-statssekretærane besøkte Mongstad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Verdas største testanlegg for CO2-fangst TCM på Mongstad fekk i dag besøk av OED sine to statssekretærar, Ingvil Smines Tybring-Gjedde og Kjell-Børge Freiberg.

- For meg som fersk statssekretær var det viktig å ha TCM som eit av dei første besøka på lista. Testsenteret viser kor viktig det er å satse på testing av klimateknologi -i samarbeid mellom det offentlege og næringslivet, både i Noreg og internasjonalt, seier Tybring-Gjedde.

Statssekretærane fekk ei omvising på anlegget og møtte også den nye Gassnova-sjefen Trude Sundset. Gassnova har fått ansvaret for den statlege delen av eigarskapet i TCM.

- Verda vil ikkje nå klimamåla utan fangst og lagring av CO2. Men sidan teknologien framleis er veldig dyr og ny er det viktig å forbetre han og få kostnadane ned, understrekar Tybring-Gjedde.

TCM har vore i drift sidan hausten 2012 og er eigd av den norske stat ved Gassnova (75,12%), Statoil (20%), Shell og sør-afrikanske Sasol (2,44% kvar). Anlegget på 60.000 m2 er lagd til rette for testing av to typer fangstteknologi på to ulike utslepp av røykgass frå raffineriet og kraftvarmeverket. TCM kan fange opp til 100.000 t CO2/år.

Statssekretærane Ingvil Smines Tybring-Gjedde og Kjell-Børge Freiberg besøkte verdas største testanlegg for CO2-fangst TCM på Mongstad.