Offentlege nettstader skal ha årleg «digital helsesjekk»

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Alle offentlege verksemder skal frå neste år gjere opp årleg status for i kva grad nettstadane deira oppfyller dei tekniske krava som sikrar at alle får tilgang til, og kan bruke nettstaden. Status for denne digitale helsesjekken skal oppsummerast i ei tilgjengelegheitserklæring som skal ligge opent på nettstaden.

Frå 1. februar 2023 skal alle offentlege verksemder ha ei tilgjengelegheitserklæring for sine nettløysingar. Måndag opnar uutilsynet i Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) for innlogging i den nye løysinga uustatus.no der verksemdene kan publisere sine erklæringar. Løysinga er obligatorisk å bruke for alle verksemder i offentleg sektor.

Tilsynet oppmodar alle om å logge på løysinga og ta den i bruk.  I tillegg må alle som ikkje allereie har oversikt over status for universell utforming, starte testing av nettsidene sine.

-Tilgjengelegheitserklæringa er eit viktig tiltak mot digitalt utanforskap. Dette er ein viktig «digital helsesjekk» som viser i kva grad dei offentlege nettstadane oppfyller krava som sikrar at alle har tilgang. No kan kommunar og offentlege verksemder logge seg på løysinga, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Han håper løysinga kan hjelpe offentleg sektor å jobbe meir systematisk med inkludering i digitale tenester.

Enklare for verksemda og bra for brukaren

Denne felles løysinga som uutilsynet i Digdir no rullar ut er gratis og skal gjere det enkelt og trygt for verksemda å få på plass tilgjengelegheitserklæring.

For brukaren vil tilgjengelegheitserklæringa gi oversikt over kva eventuelle feil nettsidene har. Samtidig tilgjengelegheitserklæringa ha ein tilbakemeldingsfunksjon, slik at det skal vere lett for brukarane å gi tilbakemelding på det som ikkje funkar.

Tilsynsdirektøren oppmodar verksemdene som krava gjeld for, om å logge seg inn, ta løysinga i bruk og ta kontakt med uutilsynet dersom dei lurer på noko. Tilsynet er opne for tilbakemeldingar.

Meir informasjon på tilsynets nettsider: