Historisk arkiv

Olje- og gassverksemda 2002

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 124/01
Dato: 11.10.2001

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Olje- og gassverksemda 2002

Statens inntekter frå petroleumsverksemda i 2002 er venta å bli om lag 205,5 milliardar kroner. Dette er om lag 39 milliardar kroner lågare enn forventa inntekter for inneverande år.

Inntektene for 2002 er basert på ein oljepris på 200 kroner pr. fat, mot venta inntekter for i år som er basert på 230 kroner pr. fat. Verdien av samla eksport frå petroleumsverksemda er venta redusert med 9 milliardar kroner frå 2001 til om lag 310 milliardar neste år.

Den gjennomsnittlege råoljeproduksjonen på norsk sokkel er venta å auka noko til om lag 3,2 millionar fat pr. dag i 2002. Eksporten av gass frå norsk sokkel er venta å auka med i overkant av 9 milliardar Sm 3>, frå eit nivå på om lag 62 milliardar Sm 3> i år til om lag 71 milliardar Sm 3> neste år.

Ein forventar at investeringane i petroleumsverksemda vil bli reduserte. For 2002 er investeringane forventa å utgjera i underkant av 55 milliardar kroner, mot i overkant av 56 milliardar i inneverande år. Leiteboring og leiteinvesteringar knytt til petroleums-verksemda er inkludert i dette overslaget. Investeringane i 2002 er i hovudsak bestemte av planane for prosjekt i drift og på felt der det er teke avgjerd om utbygging. Utviklinga for dei neste åra vil i stor grad avhenga av kor raskt ein vedtek å byggja ut nye prosjekt.

Statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda er venta å bli om lag
205,5 milliardar kroner i 2002. Av dette er om lag 117,5 milliardar kroner betalte skattar og avgifter, og om lag 88,4 milliardar kroner i netto kontantstraum frå SDØE og betalt utbytte frå Statoil. Til frådrag kjem fjerningstilskot som er budsjettert til om lag 140 millionar kroner. Utgifter til drifta av Petoro AS blir budsjettert til 250 millionar kroner.

Petoro AS er ivaretakar og forvaltar av SDØE-porteføljen på vegne av staten. Det er ein klar skilnad mellom økonomiske forhold knytt til SDØE og Petoro si drift. Inntekter, utgifter og investeringar knytt til SDØE vert løyvd av Stortinget, og netto kontantstraumen vert ført direkte til statskassa. Petoro skal drivast på grunnlag av eigne løyvingar frå Stortinget. Petoro skal føra separate regnskap for SDØE og drifta av Petoro.

Situasjonen i oljemarknaden har endra seg noko sidan i fjor. Vi har i år hatt ei moderat oppbygging av lagerkapasiteten til tross for at Opec har kutta produksjonen tre gongar så langt i år med til saman 3,5 millionar fat per dag. Oljeprisen har vore høg dei siste to åra. Men det synest no klart at verda er inne i ein nedgangskonjunktur, og såleis fallande etterspurnad etter olje.