Historisk arkiv

Områdegjennomgang av Noregs forskingsråd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Sted:

Ekspertgruppa for områdegjennomgang av Noregs forskingsråd leverer sin rapport til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og statssekretær Tore Vamraak tysdag 7. februar.

Ekspertgruppa har hatt mandat til å anbefale tiltak som kan gi økt kvalitet i forskinga og redusert ressursbruk i Forskingsrådet. Leiar Siri Hatlen vil legge fram gruppa sine anbefalingar. 

Det vil vere høve for pressa å intervjue Hatlen, kunnskapsministeren og statssekretær Tore Vamraak i Finansdepartementet. 

Dette er den eine av to områdegjennomgangar som regjeringa sette i verk i 2016. Slike gjennomgangar er blitt tilrådd av OECD og er dei siste åra blitt tekne i bruk i ei rekkje land. Målet er å utvikle eit verktøy for systematisk arbeid med effektivisering og forbetring på utvalde område. 

Stad: Kunnskapsdepartementet, Plenumssalen, Kirkegata 18.

Tid: Tysdag 7. februar klokka 10:00 – 11:00.