Historisk arkiv

Ønskjer omsorgs- og utdanningstilbod i opphavslandet for einslege mindreårige

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til arbeidet med retur og tilbakevending med 30 millionar kroner i 2010. Løyvinga skal nyttast til å etablere omsorgs- og utdanningstilbod for einslege mindreårige asylsøkjarar i deira opphavsland, i første omgang Afghanistan og Irak, samt lage fleire tilbaketakingsavtalar og migrasjonspartnarskap.

I september 2009 vedtok ein å opne for at einslege mindreårige utan behov for vern i større grad skal kunne returnerast til slektningar eller andre omsorgsordningar i heimlandet.

– Ved å løyve pengar til å etablere eller finansiere omsorgs- og utdanningstilbod i opphavsland, hjelper Noreg til med å byggje opp eit tilbod med ein kvalitet som gjer retur av einslege mindreårige mogleg og forsvarleg, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.   

For å få til raskare, fleire og meir varige returar vil Noreg inngå fleire tilbaketakingsavtalar. I samband med dette arbeidet kan det vere aktuelt å hjelpe opphavsland med retur og reintegrering av eigne borgarar. Vidare ønskjer Noreg å ta imot tilbod om å delta i EUs samarbeid med opphavs- og transittland med sikte på betre kontroll med migrasjonsstraumane mot Europa. I første omgang vil Noreg delta i slike migrasjons­partnarskap med land i Aust-Afrika.

Til toppen