Historisk arkiv

Opna Tresfjordbrua i Møre og Romsdal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg opna i dag Tresfjordbrua på E136 i Vestnes kommune i Møre og Romsdal. Brua er bygd som eit fellesprosjekt med Vågstrandstunnelen i Rauma kommune, for å få meir veg for pengane.

Erna Solberg på talerstolen under opninga av Tresfjordbrua i Møre og Romsdal.
Statsministeren taler under opninga av Tresfjordbrua. Foto: Statsministerens kontor

– Med ny bru og ny tunnel vil folk og næringsliv få raskare og tryggare veg. Det er ikkje tilfeldig at E136 vert kalla "Eksportvegen". Denne vegen er ei hovudtransportåre inn og ut av Møre og Romsdal. Med Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen vil næringslivet få ein raskare og tryggare veg, sa Solberg i talen sin.

Statsministeren peika også på at trygge vegar fører til førre ulykker og dødsfall i trafikken.

– Så langt i år har me sett dei lågaste dødstala i trafikken sidan etterkrigstida. Det er eg glad for. Men me må heile tida jobba for at enda færre liv skal gå tapt, sa Solberg.

Tresfjordbrua er om lag 2 km lang og erstattar vegen som går rundt Tresfjorden. Vågstrandstunnelen er på 3,6 km og fjerna fire rasutsette strekningar. Det er no rassikker veg langs sørsida av Romsdalsfjorden. Tunnelen vart opna for trafikk i desember 2014.

Les statsministerens tale.