Historisk arkiv

Opnar for lisensfelling i eit større område utanfor ulvesona

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Departementet reduserer området utanfor ulvesona i region 4 og 5 som er unntatt frå lisensfellinga for å skjerme genetisk verdifull ulv, med om lag 30 prosent. Så snart ulveparet i Deisjøreviret er flytta, blir heile det aktuelle området opna for lisensfelling.

- Vi arbeider aktivt med å flytte ulvane slik at føringane frå Stortinget om at det skal opnast for lisensfelling i det aktuelle området kan takast vare på. Grunna vêrforholda har det enno ikkje vore mogeleg for Statens naturoppsyn å gjennomføre flytting. Vi er sett i ein krevjande situasjon. Vi må følgje opp Stortingets vedtak. På same tid må vi ta omsyn til ein ulv som er veldig viktig for ulvebestanden, slik Stortinget har slått fast gjennom rovviltforliket, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

I Deisjøreviret lever ein genetisk verdifull ulv og hans make. Reviret ligg i hovudsak innanfor ulvesona, men ulvane nyttar også areal utanfor ulvesona. I årets vedtak om lisensfelling av ulv utanfor ulvesona i region 4 (Oslo, tidlegare Akershus og tidlegare Østfold fylke) og 5 (tidlegare Hedmark fylke) vart eit område rundt Deisjøreviret i Innlandet fylke unntatt frå lisensfelling.

Formålet var å skjerme ein genetisk verdifull ulv og maken hans frå fellinga. Den 7. desember 2020 vedtok Stortinget at denne avgrensinga må fjernast. For å følgje opp Stortinget sitt vedtak bestemte Klima- og miljødepartementet 11. desember 2020 at ulveparet i Deisjøreviret skal flyttast slik at lisensjakta i området kan starte når flyttinga er gjennomført.

Flyttar verdifullt ulvepar og opnar for lisensjakt. 

Til no har det ikkje vore mogeleg å flytte ulveparet i Deisjøreviret, til tross for aktiv oppfølging frå Statens naturoppsyn. Statens naturoppsyn vil framleis vere i området. Departementet har difor gjort ei ny vurdering av lisensfellingsområdet utanfor ulvesona. Med den nye avgrensinga av fellingsområdet kan det drivast lisensfelling av streifulv i eit større område, på same tid som ulvane i Deisjøreviret er tilstrekkeleg skjerma.

Statens naturoppsyn er allereie på plass og overvakar situasjonen nøye. Dei nyttar tilgjengeleg mannskap til å skaffe seg kunnskap om korleis ulvane rører seg i området.

Les vedtaket her