Historisk arkiv

Opnar for naust på 60 kvadratmeter i Sula kommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet seier ja til nauststorleik på inntil 60 kvadratmeter og eit mindre bustadområde på Haneneset/Rørstad i Sula kommune. – Vi har teke omsyn til at Sula kommune har tradisjon for store naust, og at dei vil tilpasse storleiken ved utarbeiding av reguleringsplanar, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Sula kommune ønska å opne for naust med ein storleik på inntil 80 kvadratmeter i den nye kommuneplanen. Fylkesmannen i Møre og Romsdal hadde motsegn til dette og ynskte å avgrense nausta til maksimalt 40 kvadratmeter. Fylkesmannen hadde og motsegn til eit mindre bustadområde heilt ned til strandsona i 100-metersbeltet.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner ei generell føresegn om at naust kan ha storleik på 80 kvadratmeter i grunnflate er uheldig for omsynet til strandsona og ålmenta.

I reguleringsplan kan det etter konkret vurdering godkjennast større naust enn fastsett i kommuneplan. Men ei generell opning for ei grunnflate på 80 kvadratmeter gjev særs store naust. Sula er ein relativt tett busett kommune med bratt terreng, som tilseier at friluftsliv langs sjøen og ålmenta si tilgjenge til strandsona må prioriterast høgt.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner det er positivt at Sula vil differensiere storleiken på nausta gjennom reguleringsplanar, slik at dei konkret vurderer omsyna i ulike område.   

Sula kommune - motsegn til arealdelen av kommuneplanen 2013-2023