Historisk arkiv

Opning av Ludwig Wittgensteins hus i Skjolden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Opninga av Ludwig Wittgensteins hus i Skjolden 20. juni 2020.

I år har politisk leiing i Klima- og miljødepartementet deltatt på to markeringar som viser den enorme mobiliserande krafta til historiefortellande kultuminne. To kulturminne etter to menn som søkte einsemda. Klima- og miljøminister Ola Elvestuen var med på feiringa av at uteliggaren Haralds hytte på Grefsenkollen i Oslo var sett i stand, medan eg får vere med på opninga av filosofen Wittgensteins hytte her i Skjolden.

Harald Grande budde i ei ulovleg oppført hytte i Oslomarka. Historia om han er eit stykke norsk sosialhistorie om etterkrigstidas bustadmangel og ein sterk personlegdom med høg integritet. Alle uteliggarhyttene i Grefsenkollen vart brent på byrjinga av 1960-talet, men Haralds hytte vart aldri funnen og vart difor ståande.

Historia om Ludwig Wittgensteins hytte i Skjolden handlar og om ein sterk personlegdom med høg integritet og sterk vilje, som ofra svært mykje for å lykkast i det filosofiske arbeidet sitt.

Markeringane av Haralds og Ludwigs hytter er prega av to forhold: eit veldig lokalt oppmøte og ein betydeleg frivillig innsats.

Nokre kulturminne talar for seg sjølv. Dreg du ut ytst i Lusterfjorden står det ein 1000 år gammal kyrkje. Urnes stavkyrkje fortel si eiga historie utan at du treng forklaring.

Harald og Ludwigs hytter er noko anna. Dei viser kor viktig menneska og forteljinga om dei er for at kulturminne og historie skal engasjere. Verken alder, detaljar eller plassering gir meining før forteljinga om bebuarane er fortald. Haralds hytte er ei enkel plankehytte, Ludwigs er eit relativt ordinært hus frå byrjinga av 1900-talet bortgjømt ved eit vatn inst i ein vestlandsfjord. Dei skaper likevel undring og engasjement med dei sterke historiene sine.

Her sluttar samanlikninga.  Ludvig Wittgenstein blir rekna som ein av dei viktigaste filosofane frå 1900-talet.Delar av hovudverka hans vart skapt her i ly av vill natur og eit nærmiljø som i stor grad lét Wittgenstein i fred.

Her i Skjolden skal han ha skrive Philosophische Untersuchungen, ein kritikk av sitt første verk Tractatus. Med desse verka skreiv Wittgenstein seg inn som en av 1900- talets viktigaste filosofar. 

Attskapinga av Wittgensteins hytte kan samanliknast med å attskape til dømes Niels Bohrs laboratorium. Hytta var utgangspunktet for Wittgensteins liv i det landskapet som ga han roa og konsentrasjonen til å utvikle ein nyskapande filosofi. Vi står overfor eit kulturminne av internasjonal tyding. Wittgensteins hytte vil tiltrekke seg søkande menneske frå heile verda som ønsker å komma nærare det livet Wittgenstein levde då han utvikla filosofien sin.

Eg vil derfor gratulere Skjolden, Luster og Vestlandet med dagen og endå eit landemerke i eit område som frå før er rikt på natur- og kulturarv.

Og mest av alt vi eg få lov til å takke alle som har tatt del i denne dugnaden og viser at ein umogleg og dristig oppgåve er mogleg å gjennomføre berre trua og engasjementet er stort nok.