Historisk arkiv

Opning av "sikkerhetsseminar" for aktørane på det nasjonale jernbanenettet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg av statssekretær Steinulf Tungesvik

Opning av "sikkerhetsseminar" for aktørane på det nasjonale jernbanenettet

Statssekretær Steinulf Tungesvik. Samferdselsdepartementet

Hotell Continental, Oslo, 10.10.06

Kjære forsamling!

Det er både ei ære og ei glede for meg at eg fekk lov til å komme hit for å opne Statens jernbanetilsyns ”sikkerhetsseminar” 2006.

Regjeringa har ein visjon om at vi ikkje skal ha ulykker med drepne eller alvorleg skadde i transportsektoren, og prioritet nummer ein for Samferdselsdepartementet er trafikktryggleik. Omsynet til auka tryggleik skal innarbeidast i all planlegging, utbygging, drift og vedlikehald av samferdselsnettet.

Det overordna tryggleiksmålet også for jernbanetransport er at det ikkje skal skje tap av menneskeliv eller alvorleg skade på menneske, miljø eller materiell, den såkalla nullvisjonen. I 2005 var ulykkestalet på eit historisk lågt nivå, med til saman tre drepne, ein på planovergang, ein tredjeperson som oppheldt seg på jernbanelina og ein av Jernbaneverkets tilsette under arbeid i sporet. I fyrste halvdel av 2006 har ingen personar mista livet i ulykker i samband med jernbaneverksemda. Men også i tida framover er det viktig å arbeide aktivt med å oppretthalde og utvikle det høge tryggleiksnivået på jernbanen.

Hovudansvaret for jernbanetryggleiken ligg hos kvar enkelt aktør innan jernbanen, det vil seie jernbaneføretaka og infrastrukturforvaltaren. Oppgåva for styresmaktene er å utvikle regelverket for tryggleiken og føre tilsyn med at regelverket faktisk blir etterlevd. Hos oss blir denne oppgåva ivareteken av Statens jernbanetilsyn.

Statens jernbanetilsyn blei etablert i 1996 som eige forvaltningsorgan under Samferdselsdepartementet, og er organisatorisk skilt frå drift av infrastruktur og transportutøving. Innafor rammevilkår fastsett av Samferdselsdepartementet skal tilsynet arbeide for at jernbaneverksemda blir utøvd på ein trygg og føremålstenleg måte til det beste for dei reisande, jernbanepersonale og for det ålmenne publikum. Statens jernbanetilsyn skal føre tilsyn med at utøvarar av jernbaneverksemd oppfyller dei vilkår og krav som er sette til verksemda etter jernbanelovgivinga.

Eit anna tiltak for å styrkje tryggleiken på jernbanesektoren er utvidinga av Havarikommisjonen for sivil luftfart i 2002 til også å omfatte jernbaneulykker og alvorlege jernbanehendingar. Frå 1. september 2005 blei Havarikommisjonen i tillegg utvida til også å omfatte vegsektoren. Ein tar vidare sikte på at undersøking av sjøulykker skal leggjast inn i Havarikommisjonen for transport, for på denne måten å få ein felles havarikommisjon for heile transportsektoren. Dette legg til rette for meir overføring av kunnskap og erfaring mellom transportsektorane når det gjeld dette tryggleiksarbeidet, og vil føre til at ressursane samla sett blir nytta på best mogeleg måte.

Gjennom EU sitt ”jernbanesikkerhetsdirektiv” er det nå kravd at alle EØS-landa frå 30. april 2006 skal etablere sjølvstendige tilsyn og sjølvstendige undersøkingsorgan for jernbaneulykker mv., noko som Noreg allereie har hatt i fleire år.

Sverige og Danmark var også tidleg ute med å etablere sjølvstendige tilsynsorgan, og å skilje infrastrukturen frå trafikkverksemda. Dette viser at vi i Skandinavia ligg langt framme i europeisk samanheng når det gjeld organisering og tryggleikstenking på jernbanesektoren.

I samband med auka jernbanetransport over landegrensene, er det framleis viktig å oppretthalda eit høgt tryggleiksnivå. Utvikling av felles tryggleiksreglar i Europa er derfor nødvendig i så måte. I 2004 blei det europeiske jernbanebyrået, ERA, oppretta, som mellom anna har til føremål å fremje slike tryggleiksreglar. ERA er ein ny arena for Noreg og våre naboland. ERA set oss enda betre i stand til å påverke og utvikle tryggleiksarbeidet i Europa.

Til slutt: For Samferdselsdepartementet er det ei overordna målsetting at det kontinuerlege arbeidet med å betre jernbanetryggleiken held fram. Eg vil understreke at det er viktig at alle aktørane i jernbanesektoren er med på å bidra til at tryggleiken på jernbanen også framover held eit høgt nivå og blir utvikla vidare.

Takk, og lykke til med seminaret!