Historisk arkiv

Oppfølgjing av tiltak for å betre bankane sin likviditet og finansiering og fullmakt til å ta opp statslån

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Finansdepartementet legg i dag fram ein proposisjon der ein følgjer opp tiltak som vart varsla søndag 12. oktober. Tiltaket krev mellom anna utvida fullmakt til å ta opp statslån.

Finansdepartementet legg i dag fram ein proposisjon der ein følgjer opp tiltak som vart varsla søndag 12. oktober. Tiltaket krev med anna utvida fullmakt til å ta opp statslån.

I pressemelding søndag 12. oktober varsla Finansdepartementet at ein fredag 17. oktober ville be Stortinget om fullmakt til å låne ut statspapir til bankane. Finansdepartementet har i dag fremja ein proposisjon der ein ber om fullmakt til å låne ut statspapir for inntil 350 milliardar kroner mot trygd i eller byte med obligasjonar med fortrinnsrett utferda av kredittføretak.

- Dette tiltaket vil gjere det lettare for bankane å sikre seg langsiktig innlåning. Norges Bank har også gjennomført tiltak som vil lette bankane sin likviditetssituasjon. Vi følgjer nøye med i utviklinga i finansmarknaden, seier finansminister Kristin Halvorsen.

I proposisjonen som vart lagd fram i dag, ber Finansdepartementet også om fullmakt til å dekke det finansieringsbehovet som følgjer av statsbudsjettet.
    
Statens brutto finansieringsbehov i 2009 er berekna til 70,3 milliardar kroner. Finansieringsbehovet vil etter planen bli dekt ved opptak av nye lån innanlands og ved trekk på kontantbehaldninga.

I tillegg ber Finansdepartementet om fullmakt til å utferde statskassevekslar og statsobligasjonar til bruk i byteavtalar med bankane.

Ut frå dette foreslår ein at fullmakta for opptak av nye langsiktige innanlandske lån for 2008 og 2009 blir sett til 450 milliardar kroner, og at fullmakta for maksimalt uteståande i kortsiktige marknadspapir (statskassevekslar) blir sett til 430 milliardar kroner.

Sjå stortingsproposisjonen her

Til toppen