Historisk arkiv

Kommuneproposisjonen 2013

175 millionar kroner meir til Oppland neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Førebelse tal syner at kommunane i Oppland og Oppland fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 175 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Førebelse tal syner at kommunane i Oppland og Oppland fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 175 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

 Regjeringa legg opp til vekst på mellom 5,25 og 6 milliardar kroner i dei samla inntektene til  kommunesektoren i 2013.

- Av den samla veksten vil opp mot 5 milliardar kroner vere frie inntekter. Det legg til rette for at kommunane kan fortsetje å byggje ut barnehagar, skular, sjukeheimar og omsorgsbustadar i heile landet, seier Navarsete.

Veksten neste år kjem i tillegg til dei auka inntektene kommunane allereie har fått i år.

- Kommunesektoren vert styrka allereie i år. Nye anslag viser ein auke i skatteinntektene i 2012 på 2,3 milliardar kroner. Inntektsveksten på opp mot 5 milliardar meir i frie inntekter 2013 kjem i tillegg til dei auka skatteinntektene i 2012. Dermed ligg det godt til rette for gode kommunale tenester framover, seier Navarsete.

Tabellen syner anslag på reell vekst i dei frie inntektene for kommunane i Oppland og Oppland fylkeskommune. Endelege tal vil ikkje vere klare før i statsbudsjettet for 2013.

Kommune

Berekna vekst i frie inntekter 2012-2013 (mill. kroner)

0501 Lillehammer

19,2

0502 Gjøvik

21,5

0511 Dovre

2,3

0512 Lesja

2,3

0513 Skjåk

1,8

0514 Lom

1,7

0515 Vågå

3,6

0516 Nord-Fron

3,8

0517 Sel

4,8

0519 Sør-Fron

2,6

0520 Ringebu

4,0

0521 Øyer

3,8

0522 Gausdal

4,5

0528 Østre Toten

12,5

0529 Vestre Toten

9,8

0532 Jevnaker

5,6

0533 Lunner

7,8

0534 Gran

10,8

0536 Søndre Land

3,3

0538 Nordre Land

6,2

0540 Sør-Aurdal

2,7

0541 Etnedal

1,5

0542 Nord-Aurdal

4,3

0543 Vestre Slidre

1,9

0544 Øystre Slidre

3,0

0545 Vang

1,5

Oppland

146,8


Oppland fylkeskommune           
28,6


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.