Historisk arkiv

Oppmodar til samarbeid med frivillige organisasjonar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Frivillig innsats spelar ei viktig rolle for å gi flyktningar ein god start i Noreg. Derfor har no fire statsrådar sendt brev til alle landets kommunar der dei oppmodar om å styrke samarbeidet med frivillige organisasjonar.

24. september inviterte statsrådane Solveig Horne, Jan Tore Sanner og Thorhild Widvey og statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Jøran Kallmyr, til møte med åtte frivillige organisasjonar. Temaet for møtet var korleis frivillig arbeid kan bidra til eit langsiktig lokalt engasjement i arbeidet med å ta imot flyktningar i kommunane og legge til rette for at dei kan delta i samfunnet.

På møtet med dei frivillige organisasjonane vart det etterlyst eit tettare samarbeid med kommunane. Dei kommunane som har eit nært samarbeid med frivillige organisasjonar får også gode resultat i sitt integreringsarbeid. Derfor sender inkluderingsminister Solveig Horne (FrP), kommunalminister Jan Tore Sanner (H), justisminister Anders Anundsen (FrP) og kulturminister Thorhild Widvey (H) brev til alle landets kommunar med oppmoding om å styrke samarbeidet med dei frivillige lokalt.

Les brevet her.