Oppnemner ekspertgruppe for barn i fattige familiar

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa har i dag oppnemnt ei ekspertgruppe som skal foreslå tiltak som gir barn som veks opp i fattigdom betre levekår og som førebyggjer at fattigdom går i arv.

– At så mange barn i Norge veks opp i fattigdom er ei stor samfunnsutfordring som utløyser store kostnader både for den einskilde og for samfunnet. Sjølv om fleire regjeringer har arbeida med å motverke fattigdom blant barnefamiliar, er talet på barn i fattige familiar likevel aukande. Ei ekspertgruppe kan gi oss nye råd om korleis innsatsen for barn i fattige familiar bør prioriterast framover, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Føremålet med utgreiinga er å vurdere kva for tiltak som har best effekt og korleis den offentlege innsatsen bør prioriterast, både for å styrke oppvekstvilkåra til barn som veks opp i fattige familiar på kort sikt og førebyggje at fattigdom går i arv på lengre sikt.

Dette inneber også å vurdere kva for tiltak som er mest treffsikre for å redusere delen og talet på barn som veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt, både på kort og lang sikt. Tilrådingane skal gi retning for ein samfunnsøkonomisk effektiv bruk av ressursane på området.

Barn og unge, frivillige organisasjonar og offentlege instansar er viktige for forståinga av situasjonen og i utforminga av politikk for barn som veks opp i fattige familiar. Ekspertgruppa skal derfor involvere relevante aktørar på feltet i sitt arbeid. 

Les mandatet her

Ekspertgruppa består av åtte medlemmer, med relevant kompetanse på dei saksområda som skal greiast ut. I tillegg til seks forskarar består gruppa av representantar for partane i arbeidslivet (FO og KS). Gruppa skal levere si utgreiing innan 12 månader frå oppstart.

– Eg er svært nøgd med samansettinga av ekspertgruppa og eg har stor tru på at no vi vil få ei utgreiing av høg kvalitet og forslag som vil vere viktig i regjeringa sitt arbeid for å redusere fattigdom i barnefamiliar, seier Toppe.  

Ekspertgruppa har desse medlemmene:

Leiar:

Mari Rege, Stavanger, professor

Medlemmer:

Kjell Gunnar Salvanes, Bergen, professor

Henrik Daae Zachrisson, Oslo, professor

Tormod Bøe, Bergen, professor

Hanne Solfrid Glemmestad, Gjøvik, leiar for profesjonsrådet for sosionomar i Fellesorganisasjonen

Tone Fløtten, Oslo, dagleg leiar

Kjell Hugvik, Bodø, kommunedirektør

Nina Eirin Drange, Oslo, Post Doc