Oppnemner særskilte meklarar for lønnsoppgjera

Kongen i statsråd oppnemnde 16. februar eit korps på 14 særskilte meklarar for to år.

Meklarane hjelper til under lønnsoppgjera, saman med kretsmeklarane. 

Følgjande er oppnemnde som særskilte meklarar: 

Lagdommar Bjørn Lillebergen, Bergen 
Lagdommar Carl Petter Martinsen, Bergen
Lagdommar Kine Steinsvik, Oslo
Lagdommar Tine Kari Nordengen, Bærum (ny)
Lagdommar Torkjel Nesheim, Bærum
Sorenskrivar Geir Engebretsen, Bærum
Tingrettsdommar Richard Saue, Stavanger
Tingrettsdommar Mats Wilhelm Ruland, Oslo
Tingrettsdommar Edvard Os, Bærum (ny)
Advokat Elisabeth Stenwig, Oslo
Nestleiar Adele Matheson Mestad, Oslo
Professor Nils-Henrik von der Fehr, Hurdal
Førsteamanuensis Jussi Erik Pedersen, Tromsø
Direktør Anne Cathrine Frøstrup, Ringerike 

Som ny fast avløysar for riksmeklaren blei lagdommar Kine Steinsvik oppnemnd. Ho erstattar advokat Elisabeth Stenwig, som blei friteken frå vervet som fast avløysar.