Historisk arkiv

Oppretting av 24 naturreservat, tre landskapsvernområde med dyrelivsfredning og eitt fuglefredingsområde, alle i Troms fylke.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Miljøverndepartementet


PRESSEMELDING
Miljøverndepartementet


08. desember 1995

Oppretting av 24 naturreservat, tre landskapsvernområde med dyrelivsfredning og eitt fuglefredingsområde, alle i Troms fylke.

Regjeringa har i statsråd i dag vedtatt vern av 28 naturområde herunder 24 naturreservat, tre landskapsvernområde med tilhøyrande freding av dyreliv og eitt fuglefredingsområde. Av desse inngår 25 verneområde i våtmarksplanen for Troms som omfatter eit totalareal på ca 60 900 da (60,9 km2), av dette 22 % landareal. Dei tre resterande verneområda omfatter ca 15 900 da (15,9 km2). Alle områda ligg i Troms fylke.

Verneområda er (arealtal):

  1. Reisautløpet naturreservat (5 931 da), Nordreisa kommune
  2. Spåkenesøra naturreservat (5 300 da), Nordreisa kommune
  3. Sørlenangsbotn naturreservat (3 240 da), Lyngen kommune
  4. Dankarvågvatn naturreservat (960 da), Tromsø kommune
  5. Håkøybotn naturreservat (243 da), Tromsø kommune
  6. Grindøysundet naturreservat (7 955 da), Tromsø kommune
  7. Prestvatn landskapsvernområde med tilhøyrande dyrelivsfreding (180 da), Tromsø kommune.
  8. Lakselvbukt naturreservat (563 da), Tromsø kommune
  9. Kobbevågen naturreservat (5 916 da), Tromsø kommune
  10. Nordbyvatn naturreservat (857 da), Balsfjord kommune
  11. Sørkjosleira naturreservat (3 893 da), Balsfjord kommune
  12. Nordkjosbotn naturreservat (640 da), Balsfjord kommune
  13. Grunnvågvatn naturreservat (610 da), Lenvik kommune
  14. Eggøya fuglefredingsområde (748 da), Lenvik kommune
  15. Skognesvågen naturreservat (1 600 da), Lenvik kommune
  16. Jøtulhaugvatn naturreservat (166 da), Lenvik kommune
  17. Grasmyrskogvatn naturreservat (1 900 da), Lenvik kommune
  18. Svandalen naturreservat (3 870 da), Berg kommune
  19. Målselvutløpet naturreservat (12 875 da), Målselv og Lenvik kommunar
  20. Floan naturreservat (1 020 da), Bardu kommune
  21. Myrvatn naturreservat (908 da), Skånland kommune
  22. Tennvatn naturreservat (630 da), Skånland kommune
  23. Laugen landskapsvernområde med tilhøyrande dyrelivsfreding (158 da), Harstad kommune
  24. Gullesfjordbotn naturreservat (315 da), Kvæfjord kommune
  25. Godfjordbotn naturreservat (125 da), Kvæfjord kommune
  26. Gravrok naturreservat (552 da), Balsfjord kommune
  27. Risøya naturreservat (14 132 da), Tromsø kommune
  28. Store Risøya landskapsvernområde med tilhøyrande dyrelivsfreding (1211 da), Tromsø kommune

Føremålet med våtmarksplanen for Troms er å ta vare på strandenger og område som er serskilt viktige for våtmarksfugl som hekke-, fjørfellings-, raste- og overvintringslokaliteter.

Gravrok inngjekk i verneplanen for myrer i Troms fylke. I påvente av tingingar om makeskifte vart ikkje Gravrok freda i 1983 saman med dei andre områdene i planen. Føremålet med vernet av Gravrok er å ta vare på rike bakkemyrer som er typiske for lier med kildehorisonter i Troms. Det er opna for naudsynt motorisert ferdsel utan serskilt dispensasjon i samband med vedlikehald av kraftledning gjennom området, ved utfall. Føresetnaden er at slik motorferdsel skjer på ein mest mogeleg skånsam måte i høve til verneføremålet.

Risøya skulle opphaveleg takast opp i samband med verneplanen for kystregionen i Troms, men det har vore naudsynt å forsere etablering av verneområda. Risøya har eit svært rikt fugleliv og representerer ein kysthandelsstad frå tida då det meste av trafikken gjekk med båt langs kysten. Det er oppretta eit naturreservat og eit landskapsvernområde med tilhøyrande dyrelivsfreding for å sikre verneverdiane i området.

Verneplan for våtmark vart send på avsluttande lokal høyring i september 1990. Fredingsframlegget for Gravrok naturreservat vart sendt på avsluttande høyringsrunde i 1980, men vart av fylkesmannen sendt på ny, forenkla lokal høyringsrunde 24. april 1992. Fredingsframlegget for Risøya naturreservat og Store Risøya landskapsvernområde vart sendt på lokal høyring 21. desember 1988. Alle områda vart sende på sentral høyring 3. november 1992.

Vernereglane for områda er utforma i samsvar med standardbestemmelsene for denne typen verneområder.

Fiske er tillatt på vanleg måte innan verneområda så langt anna ikkje er nemnt i bestemmelsene.

Ved søknader om løyve til oppdrettsverksemd i nærleiken av verneområda skal det vurderast om slik lokalisering vil medføre ein uheldig påverknad av verneområdet. I rundskriv T-3/93 frå Miljøverndepartementet er det tilrådd at det blir føretatt ei grundig og konkret vurdering i saker som gjeld etablering av anlegg nærare enn 1000 meter frå eit verneområde. Dersom fylkesmannen på grunnlag av ei slik konkret, fagleg vurdering meiner at anlegget vil kome i konflikt med verneinteressene, bør fylkesmannen (i samsvar med retningslinjene) i sin uttale til fiskerisjefen fråråde at det blir gitt løyve etter oppdrettslova.

Det er ved utforming av reglar og avgrensing lagt vekt på å redusere eventuelle konflikter mellom samiske interesser og forvaltninga av verneområda. I dei områda der det er aktuelt er reindriftsnæringa sin bruk i samband med flytting, opphald og beite for rein og naudsynt motorferdsel i samband med utøving av reindrift på frosen, snødekka mark, tillatt.

Militær lågflyging er unntatt frå lågflygingsforbodet for dei områda som ligg innanfor eksisterande lågflygingsområde. Grunngjevinga for dette er at det innan desse verneområda ikkje er registrert kolonirugande fuglar (alkefuglar) som er serskilt utsatt for forstyrringar frå lågflyging og fordi denne regionen har serskilt stor vekt for Forsvaret.

Fylkesmannen i Troms er forvaltningsstyresmakt for verneområda.


Lagt inn 8 desember 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen