Historisk arkiv

Oppstart for E6 Øyer – Tretten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Arbeidet med utbygging av E6 Øyer –Tretten i Gudbrandsdalen vil komme i gang i haust. Dette er eit viktig prosjekt for folk og næringsliv i regionen. Samstundes betyr dette mykje for gjennomgangstrafikken på ein av landets viktigaste stamvegar, og er dermed eit viktig prosjekt for vegsambandet nord-sør i dette landet, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Prosjektet har ei lengd på om lag 13 kilometer og utgjer første etappe i ei utbygging av E6 nordover frå Lillehammer. Denne utbygginga vil gje ein trygg E6 frå Lillehammer til Tretten med samanhengjande gang- og sykkelveg på heile strekninga. Prosjektet vil korte inn E 6 med om lag to kilometer.

I høve til det som er  lagt til grunn i tidlegare planar  er prosjekta utvida med utbetring av vegen og bygging av midtrekkverk på den om lag 3,5 kilometer  lange strekninga frå Øyer (Granrudmoen) til Tingberg.

Dei totale kostnadane ved prosjektet er berekna å bli 880 millionar kroner og er fordelt med 777 millionar kroner på E6, 94 millionar kroner på riksveg 254 og 9 millionar kroner  til bygging av bomstasjonar.

Det er lagt opp til anleggsstart hausten 2009 og opning for trafikk hausten 2012.

For fleire opplysningar og kartskisse – sjå St.prp. nr. 59 (2008-2009) Om utbygging og finansiering av E6 Øyer (Granrudmoen) – Tretten i Øyer kommune i Oppland