Presseinvitasjon

Regjeringa startar strategiarbeid for meir forsking og utvikling i næringslivet

Kunnskapsdepartementet inviterer til seminar i samband med at dei starter arbeidet med ein strategi for å auke forsking og utvikling i næringslivet.

Nett-tv Seminar om auka forsking og utvikling i næringslivet

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

  • Tid: 20. april 2023 kl. 09.00-10.30
  • Stad: Telenor Fornebu, The Hub

For å sikre verdiskaping og velferd er vi avhengig av forsking, utvikling og innovasjon. Dette gjeld ikkje minst i ei tid der økonomien og samfunnet skal gjennom ei grøn og digital omstilling. I åra som kjem, vil regjeringa styrke satsinga på forsking og utvikling i  både næringslivet og offentleg sektor.

Noreg har allereie eit høgt nivå på offentlege investeringar i FoU, men ligg under OECD-snittet, og bak våre nordiske naboar når det gjeld private pengar til forsking. I nært samarbeid med aktørar i næringslivet, og basert på ny og oppdatert kunnskap, vil regjeringa difor lage ein strategi for å finne ut av korleis me kan styrka næringslivets satsing på forsking og utvikling. Strategiarbeidet skal leiast av Kunnskapsdepartementet (KD) og Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) i samarbeid med andre relevante departement.

For å markere starten på arbeidet, inviterer KD og NFD til seminar, mellom anna for å diskutere;

  • Kan vi auke satsinga på FoU i næringslivet dersom vi finn den rette innretninga på verkemiddel og rammevilkår?
  • Kva er barrierane for FoU i næringslivet?
  • Kor er det størst potensiale for forbetring?
  • Kva type kompetanse treng vi meir av?

Program:

  • Velkomen ved konsernsjef Sigve Brekke, Telenor
  • Regjeringas ambisjonar for strategien, ved næringsminister Jan Christian Vestre og forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe
  • Status og moglegheiter: 
    • Kva seier tal frå SSB om næringsliv og forsking? Ved Erik Fjærli, SSB
    • Privat finansiering av forsking, utvikling og forskingsbasert innovasjon i Noreg – kva er moglegheitene? Ved Svend Boye OSLO ECONOMICS og Espen Solberg NIFU 
    • Bruk av forsking i Telenor 
  • Korte innspel til strategien: 
    • Ordstyrar: Klaus Mohn, UiS
    • NHO, Telenor, Simula, DNV, FFA, UHR, Seram Coatings, med fleire
  • Avslutning ved statssekretærar i NFD og KD

Journalistar som ikkje kan delta på seminaret, kan følgje sendinga på nett.

Pressekontakt for forskings- og høgare utdanningsministeren:  Anders Lundell, anders.lundell@kd.dep.no, 900 49 636

Pressekontakt for næringsministeren: Tore A. K. Fjeldsbø 476 76 856, Tore-Andre-Kjetland.Fjeldsbo@nfd.dep.no

Strøyming:
Seminaret blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende seminaret direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.