Historisk arkiv

Oppstartspenger til Grønt landtransportprogram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljødepartementet gir 1 million kroner i oppstartsstønad til Grønt landtransportsprogram. Ordninga skal legge til rette for samarbeid i næringstransporten på land om nye låg- og nullutsleppsløysingar.

Elektrisk lastebikl
Grønt landstransportprogram vart lansert utanfor Næringslivets hus av politikkdirektør Mari Sundli Tveit i NHO og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V). Foto: Martin Lerberg Fossum

Aktørar i norsk skipsfart og marin industri har allereie lenge samarbeidd om utviklinga av nye nullutsleppsløysingar og pilotprosjekt gjennom Grønt skipsfartsprogram. No blir det etablert eit tilsvarande offentleg-privat samarbeid for landbasert transport.

- Vi veit at vi må gjere store kutt i klimagassutsleppa våre, og i Noreg har vi mykje å hente på transport og logistikk. I langstrekte Noreg har vi mykje næringstransport på veg, det er derfor bra og nødvendig at bransjen no finn saman for å utvikle låg- og nullutsleppsløysingar raskare, seier klima og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Det er NHO som har tatt initiativ til å opprette programmet som involverer ei rekke aktørar i transportsektoren, både organisasjonar og verksemder. Klima- og miljødepartementet gir no 1 million kroner til oppstarten av programmet.

- Elbilpolitikken har vore ein suksess i Noreg, mange kjøper no utsleppsfri elbil framfor fossildrevne bilar. Men det er framleis ein veg å gå for tyngre køyretøy. I tillegg til ordningane som allereie eksisterer gjennom Enova og Nullutsleppsfondet er det viktig at det kjem eit slikt initiativ òg frå bransjen sjølv, seier Rotevatn.

Hittil i 2020 er 7,4 prosent av varebilane i Noreg elvarebilar, når det gjeld lastebilar eksisterer det berre nokre få pilot-prosjekt.

Grønt landstransportprogram skal vere ein læringsarena for landtransporten for å forsere overgangen til grøne løysingar. Det skal engasjere aktørar i heile verdikjeda til å velje grønt, alt frå vareeigarar, transportleverandørar, finansinstitusjonar og leasingverksemder.