Historisk arkiv

Stort sprik i synet på statskyrkjeordninga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Fleirtalet av dei lokale kyrkjelege og offentlege høyringsinstansane går inn for at dagens statskyrkjeordning blir vidareført, og at Den norske kyrkja også i framtida skal vere forankra i Grunnlova. (27. mars 2007)

Fleirtalet av dei lokale kyrkjelege og offentlege høyringsinstansane går inn for at dagens statskyrkjeordning blir vidareført, og at Den norske kyrkja også i framtida skal vere forankra i Grunnlova.

Dette er hovudkonklusjonen i den andre delrapporten frå Stiftelsen Kirkeforskning (KIFO), som har oppsummert høyringa om NOU 2006: 2 Staten og Den norske kirke.

– Den endelege oppsummeringa av utgreiinga om stat og kyrkje har ikkje endra det generelle inntrykket. Eit klart fleirtal av høyringssvara er kritiske til eit skilje mellom stat og kyrkje. Mange ønskjer å behalde statskyrkja, men høyringssvara sprikjer kraftig, seier kyrkjeminister Trond Giske.

Trus- og livssynssamfunna utanfor Den norske kyrkja er bortimot unisone i motstanden mot dagens ordning og går inn for eit skilje mellom stat og kyrkje. Berre eitt av trussamfunna går inn for å vidareføre statskyrkjeordninga.

Trudoms- og livssynssamfunna og fleirtalet av dei kyrkjelege organisasjonane meiner at gravferdsforvaltninga bør leggjast til kommunane. 

Om lag 2500 ulike høyringsinstansar var inviterte til å uttale seg om utgreiinga frå Gjønnes-utvalet om tilhøvet mellom staten og Den norske kyrkja. Høyringsfristen gjekk ut ved årsskiftet 2006–2007, og Kultur- og kyrkjedepartementet mottok til saman om lag 1750 høyringssvar.

KIFO har fått i oppdrag å oppsummere det omfattande materialet. Ei kvantitativ oppsummering av svara frå kommunane og dei lokalkyrkjelige råda vart levert 19. januar. Den andre delrapporten, som KIFO no har lagt fram, er ei fyldigare samanfatning av dei viktigaste synspunkta i høyringsmaterialet.

Les rapporten:
Forord
Hoveddel