Historisk arkiv

Organisering av bustadsosialt arbeid i norske kommunar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ein ny forskingsrapport frå NOVA har sett nærmare på korleis kommunane organiserer arbeidet med dei bustadsosiale verkemidla: bustøtte, startlån, bustadtilskot, kommunale utleigebustader og bustadsosiale oppfølgingstenestar for dei vanskelegstilte på bustadmarknaden.

Rapporten bekreftar at det er store forskjellar mellom kommunane når det gjeld korleis dei organiserer arbeidet. Det store bilete viser likevel at arbeidet er fordelt på fleire aktørar i kommunen, noko som gjer det utfordrande å drive arbeidet heilskapleg. Dette er ei utfordring mange kommunar er bevisste på, og mange har også funne metodar for samordning som ser ut til å fungera bra.

- Mi oppmoding til kommunane er at dei nyttar den erfaringa og kunnskapen som no finst til å gjennomgå si eiga organisering. Har den strategiske og den operasjonelle delen av kommunen ei felles forståing av arbeidet med å sikra at òg vanskelegstilte bur trygt og godt? Berre då kan ressursane nyttast mest mogleg effektivt, seiar kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.