Historisk arkiv

Organisering av skoleåret i vidaregåande opplæring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Torsdag 15. juni får kunnskapsministeren ein rapport om organisering av skoleåret i vidaregåande opplæring.

Hausten 2016 nedsette Kunnskapsdepartementet ei arbeidsgruppe som skulle vurdere moglege organiseringar av skoleåret i vidaregåande opplæring, i lys av utfordringar knytte til blant anna undervisningstid og eksamen.

Leiaren av arbeidsgruppa har vore utdanningsdirektør Anne Hjermann frå Fylkesmannen i Hordaland. Ho vil gi ei kort oppsummering av rapporten, før ho overleverer han til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Stad: Edvard Munch vidaregåande skole, Akersgata 5, 0165 OSLO. Klasserom nr. 221 i 2. etg. Inngang frå Nordahl Bruns gate.

Tid: Torsdag 15. juni klokka 10.15 - 11.00.

Elevar frå Edvard Munch vidaregåande skole vil vere til stades på overleveringa. Det vil også represantantar frå organisasjonane som har vore med i arbeidsgruppa. Målet med rapporten er å gi råd om korleis elevane i vidaregåande skole skal få den undervisninga dei har krav på før dei tek avsluttande eksamen.

Det blir høve til å intervjue statsråden og medlemmane i arbeidsgruppa, i tillegg til elevar og lærarar.

Ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Anbjørg Bakken på e-post anb@kd.dep.no eller telefon 990 09 260.