Historisk arkiv

Orientering og synfaring i Nordfjella

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Stad: Nordfjella

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale vil treffe ulike interesser i området Nordfjella for å orientere om styresmaktene si handsaming av skrantesjuke og få innspel på konkrete tiltak som vert vurdert iverksett. Dale vil først synfare området for det planlagte sperregjerdet mellom rein frå Filefjell reinlag og villrein. I etterkant av denne synfaringa vil han ha eit møte med grunneigarar og representantar frå reinlaget.

På programmet står: 

Synfaring sperregjerde

Tid:  kl 10.30
Stad: Oppmøte ved RV 52, utsiktsplass ved anleggsveg Oljusjøen.

Det blir høve for presse å følgje synfaringa med eigne bilar. Det blir fotostopp og orientering undervegs. 

Møte med grunneigarar og representantar frå reinlaget

Tid: kl 11.45
Stad: Bjøberg Høgfjellsgard, Hemsedal.

I etterkant av møtet på Bjøberg kl 12.30 vil landbruks- og matministeren gi kommentarar og intervju til presse. 

Møter med kommunar, beitelag, villreinnemd mv.

Tid: kl 13.45- 19.00.
Stad: Fausko Skysstasjon. 

Landbruks- og matministeren vil vere tilgjengeleg for presse mellom møta så langt tida strekk til. 

Kontaktperson for landbruks- og  matministeren:
Ottar Løvik. Tlf 48 14 04 77.