Orientering om rv 19 og jernbane gjennom Moss fredag 8. juni

Politisk leiing i Samferdselsdepartementet, Statens vegvesen og Bane NOR vil fredag 8. juni kl. 14.15 orientere om samarbeidet for framdrift på rv 19 og ny jernbane gjennom Moss.

Orienteringa vil finne stad i Kanalparken i Moss. Orienteringa er ope for både presse og andre interesserte. Det blir moglegheit for pressa å gjere intervju etter orienteringa.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Henrik Jonassen: 976 28 091 / hj@sd.dep.no

Til toppen