Historisk arkiv

Orkla investerer 500 millionar kroner på Stranda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Orkla skal investere 500 millionar kroner over fem år i Stranda kommune, for å satse på nye innovasjonar og ein meir effektiv matproduksjon.

– Dette er ei særs viktig investeringsavgjerd som gjev nye arbeidsplassar og matmangfald til forbrukarane, samstundes som det bidreg og til å utvikle norsk matproduksjon over heile landet, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Orkla skal investere 500 millionar kroner over fem år i Stranda kommune, for å satse på nye innovasjonar og ein meir effektiv matproduksjon.
Orkla skal investere 500 millionar kroner over fem år i Stranda kommune, for å satse på nye innovasjonar og ein meir effektiv matproduksjon. Foto: Landbruks- og matdepartementet

 

Eit nytt kapittel blir no skreve i soga om pizzaeventyret på Stranda. Orkla produserer godt over 20 millionar kilo pizza kvart år, og produksjonen veks framleis. I dag la Orkla fram sine nye planar om å investere ein halv milliard for å gjere ny innovasjon mogeleg, og slå saman dei to Orkla-fabrikkane på Stranda. Orkla sel frossen pizza for 2,1 milliarder kroner årleg.

I dag la Orkla fram sine nye planar om å investere ein halv milliard for å gjere ny innovasjon mogeleg, og slå saman dei to Orkla-fabrikkane på Stranda. Fra venstre: Konsernsjef Peter Ruzicka i Orkla og landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Foto: Landbruks- og matdepartementet.

 

– Det er avgjerande at norsk matindustri lagar produkt som forbrukarane vil ha, og møter konkurranse med produktutvikling og innovasjon. Orkla har vore langt framme i arbeidet med å gjere maten sunnare, og har vist evne til å svare raskt på trendar hjå forbrukarane, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Stranda kommune har over 700 arbeidsplassar i matindustrien fordelt på 16 ulike bedrifter som foredlar ulike typer produkt frå land og hav. Sett i høve til folketalet er Stranda ein av dei største matkommunene her i landet.