Os Idrettslag fekk 687 000 kroner til utbetring av rulleskiløype

Os Idrettslag har fått 687 000 kroner frå anleggspolitisk program til utviding og utbetring av rulleskiløypa i Hummelfjell TOS Arena i Østerdalen.

- Hummelfjell TOS Arena er eit heilårleg ski- og skiskyttaranlegg og eit viktig trenings- og konkurranseanlegg for Os, Tolga og Røros. Med denne tildelinga ynskjer vi å bidra til at utøvarane kan trene på rulleski utanfor trafikkerte vegar. Utbetringane vil gjere anlegget enda betre for born og nybegynnarar, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Rulleskianlegg er eit prioritert område i Kulturdepartementet sitt anleggspolitiske program. Tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet vert fordelt av overskotet i Norsk Tipping.

Norges Skiforbund og Norges Skiskytterforbund har anbefalt søknaden frå Os Idrettslag.