Historisk arkiv

Kommuneproposisjonen 2013

265 millionar kroner meir til Østfold neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Førebelse tal syner at kommunane i Østfold og Østfold fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på til saman 265 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Førebelse tal syner at kommunane i Østfold og Østfold fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på til saman 265 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa legg opp til vekst på mellom 5,25 og 6 milliardar kroner i dei samla inntektene til  kommunesektoren i 2013.

- Av den samla veksten vil opp mot 5 milliardar kroner vere frie inntekter. Det legg til rette for at kommunane kan fortsetje å byggje ut barnehagar, skular, sjukeheimar og omsorgsbustadar i heile landet, seier Navarsete.

Veksten neste år kjem i tillegg til dei auka inntektene kommunane allereie har fått i år.

- Kommunesektoren vert styrka allereie i år. Nye anslag viser ein auke i skatteinntektene i 2012 på 2,3 milliardar kroner. Inntektsveksten på opp mot 5 milliardar meir i frie inntekter 2013 kjem i tillegg til dei auka skatteinntektene i 2012. Dermed ligg det godt til rette for gode kommunale tenester framover, seier Navarsete.

Tabellen syner anslag på reell vekst i dei frie inntektene for kommunane i Østfold og Østfold fylkeskommune. Endelege tal vil ikkje vere klare før i statsbudsjettet for 2013.

Kommune

Berekna vekst i frie inntekter 2012-2013 (mill. kroner)

0101 Halden

23,1

0104 Moss

24,6

0105 Sarpsborg

41,7

0106 Fredrikstad

61,2

0111 Hvaler

3,5

0118 Aremark

1,1

0119 Marker

2,9

0121 Rømskog

0,8

0122 Trøgstad

4,3

0123 Spydeberg

4,4

0124 Askim

12,3

0125 Eidsberg

9,4

0127 Skiptvet

3,2

0128 Rakkestad

6,5

0135 Råde

6,1

0136 Rygge

12,6

0137 Våler

4,0

0138 Hobøl

3,6

Østfold

225,3


Østfold fylkeskommune   
39,8


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.