Over 1,3 milliardar kroner til idretten og frivillige organisasjonar

Informasjon om koronasituasjonen endrar seg raskt og kan derfor vere utdatert.

Sjekk temasida Koronasituasjonen for siste nytt frå regjeringa, eller Helsenorge.no for oversikt over råd og reglar om koronaviruset. 

I dag betalar Lotteri- og stiftelsestilsynet ut pengar til resterande søknadar i andre runde av regjeringas kompensasjonsordning for betydelige inntektsbortfall for idretten og frivillige organisasjoner. Utbetalingane gjeld arrangement som fann stad før 31. august.

– Eg veit at desse pengane kjem godt med mange stader. Vi har heldigvis veldig mange menneske i dette landet som er engasjerte i idrett eller i frivillig sektor, men på grunn av pandemien har det dessverre vore mindre aktivitet og mindre inntekter enn vanleg. Det er viktig for regjeringa å legge til rette for at det også i framtida skal finnast eit lokalt idrettslag eller ein frivillig organisasjon å engasjere seg i, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

Etter at koronakrisa inntraff har sektoren tilsaman fått utbetalt over 1,3 milliardar kroner frå denne kompensasjonsordninga.

I første søknadsrunde blei det utbetalt 270 millionar kroner.

I denne andre runden er det samla beløpet på 1,05 milliardar kroner og kompensasjon en omfattar 25 615 ulike arrangement og aktivitetar.

– Vi er glade for at vi raskt og effektivt har sikra utbetaling til dei mange organisasjonane i landet vårt som opplever bortfall av inntekter på grunn av covid-19-pandemien. Vi ønskjer med dette å bidra til å oppretthalde den aktiviteten som let seg gjennomføre, seier kultur- og likestillingsministeren.

Det er Lotteri- og stiftelsestilsynet som forvaltar ordninga for Kulturdepartementet og du kan lese meir om ordningane her: https://lottstift.no/nokkeltal-krisepakke-2/

Ordninga held fram for perioden frå 12. mars til 31. desember med søknadsfrist 15. januar 2021. Du kan lese meir om denne ordninga her: https://lottstift.no/krisepakke-3-for-frivilligheita/