Revidert nasjonalbudsjett 2016

Over 100 millionar kroner meir til vedlikehald og investeringar på Bergensbanen og Sørlandsbanen

- Regjeringas arbeid for å redusera forfallet på jernbanen blir ytterlegare styrkt i revidert nasjonalbudsjett. Midlane vil bli spesielt innretta mot tiltak på Sørlandet og Vestlandet, der arbeidsløysa har auka den siste tida, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Regjeringa føreslår i alt 106,5 millionar kroner i auka løyvingar til jernbaneføremål i revidert nasjonalbudsjett for 2016. Med forslaget held regjeringa fram med å redusere vedlikehaldsetterslepet på jernbanen.

- Ein driftsstabil infrastruktur er ein føresetnad for at passasjer- og godstoga held rutetabellen. I løpet av fleire tiår har vedlikehaldsetterslepet på jernbanen auka, med innstilte og forseinka avgangar som resultat. Denne auken har regjeringa dei siste par åra stoppa og redusert. Den føreslåtte auka i løyvinga til jernbaneformål bidreg til ytterligare å styrkje arbeidet med å gjere Bergensbanen og Sørlandsbanen mindre sårbare for driftsavvik. Det gjer jernbanen til eit meir attraktivt alternativ, både for person- og godstransport, seier samferdselsministeren.

Midlane er fordelte slik:

  • 74,5 millionar kroner til vedlikehald, inkludert fornying av jernbanestrekningar, i Agder-fylka og Rogaland. Tiltaka på Sørlandsbanen og Jærbanen omfattar mellom anna byte av sporvekselkomponentar og fornying av sviller og signalutstyr. 
  • 32 millionar kroner til investeringar i tryggleiks- og miljøtiltak på jernbanestrekningar i Agder-fylka, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Tiltaka omfattar mellom anna tunnelsikring og miljøopprydding på Bergensbanen og Sørlandsbanen. 

Då Stortinget før jul 2015 vedtok statsbudsjettet for 2016, var budsjettet til Jernbaneverket alt i alt på om lag 18,2 milliardar kroner. Dette er ein auke på om lag 56 prosent samanlikna med det siste vedtekne budsjettet til den førre regjeringa som blei lagt i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2013.

2016-budsjettet for Jernbaneverket, som blei vedtatt før jul 2015, var fordelt med nær 8,1 milliardar kroner til drift og vedlikehald av jernbanenettet (der om 4,8 milliardar kroner er sett av til vedlikehald) og om lag 9,9 milliardar kroner til investeringar (inkludert om lag 500 millionar kroner til "tryggleik og miljø").

Sjå også – Prop. 122 S (2015-2016) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2016