Historisk arkiv

Over 100 søknadar om forskingsmidlar til jordbruk og matindustri

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

BIONÆR-programmet og forskingsmidlar for jordbruk og matindustri (FFL/JA) hadde fleire fristar for søknad av midlar våren 2019. I søknadstypen "samarbeidsprosjekt" som hadde frist 10. april var det ein generell nedgang i søknadstilfanget til Forskingsrådet, men BIONÆR og FFL/JA fekk inn 74 søknader.

I tillegg fekk Forskingsrådet inn 20 søknader i fellesutlysingen på "bruk og vern av ressursane til utmark"  som er eit samarbeid med MILJØFORSK og forskingsmidlane over jordbruksavtalen. BIONÆR la inn midlar til KLIMAFORSK sin utlysing på "omstilling", og her kom det inn åtte søknader som er relevante for klimagassreduksjon innanfor mat og landbruk. På oppfordring frå Landbruks- og matdepartementet lyste vi ut midlar til kunnskapsnotat på plantehelse, dyrehelse, dyrevelferd og mattryggleik. Det kom inn søknader på alle fire områdane, og resultata vil bli presentert i eit miniseminar i midten av desember.  Internasjonalt har det vore lyst ut midlar til kunnskapsnav innanfor mat og ernæringssikkerheit (samarbeid mellom JPI OCEANS, JPI FACCE og JPI HDHL) her har det kome inn fleire søknader frå norske miljø.

Anicke Brandt-Kjelsen
Seniorrådgiver
Bioøkonomi og miljø
Norges Forskningsråd