Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Over 17 millionar til tiltak mot vald og overgrep

Tilskotsordninga skal bidra til å førebyggje vald og overgrep i nære relasjonar, og å styrkje evna til meistring og livskvalitet til barn og unge som er eller har vore utsette for vald eller seksuelle overgrep.

- Vald og overgrep er eit stort samfunnsproblem og eit folkehelseproblem. Det viktigaste vi kan gjere er å førebyggja at vald skjer. Samstundes er det viktig at barn som har blitt utsette for vald og overgrep, får hjelp til å meistre kvardagen. Eg er glad for at mange aktørar arbeider for å førebyggja vald og betre livskvaliteten til valdsutsette barn. Det er eit stort mangfald i tilboda som nå får støtte, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne.

Sjå oversikta over kven som får tildelingar på Bufdir sine nettsider.

Tilskotsordninga til tiltak mot vald og overgrep er oppretta i 2017, som eit resultat av at to tilskotsordningar er slått saman (Tilskot til tiltak mot vald og seksuelle overgrep i nære relasjonar og Tilskot til tiltak for valdsutsette barn). Å slå saman ordningane bidreg til ein meir heilskapleg behandling av søknader på feltet.  Ei felles tilskotsordning gir rom for meir fleksibilitet og opnar for prioritering av større prosjekt. Tilskotsordninga har som føremål å bidra til å førebyggja vald og overgrep i nære relasjonar, og å styrkja evna til meistring og livskvalitet til barn og unge som er eller har vore utsett for vald eller seksuelle overgrep. Det kan søkast om både driftstilskot og prosjekttilskot

5,6 millionar kroner er gitt i driftstilskot til Krisesentersekretariatet, Landsdekkende telefon for incest- og seksuelt misbrukte og Stiftelsen Fellesskap mot seksuelle overgrep. 5 millionar kroner går til enkelte tiltak mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege avgrensingar av unges fridom. Dei resterande pengane går til ulike organisasjonar og andre aktørar som jobbar for å førebyggja vald eller å gi utsette barn og unge eit godt tilbod. Prosjekta spenner frå ulike aktivitetstilbod til haldningskampanjar, undervisning og kunnskapsformidling, filmprosjekt, samtalegrupper og dialogmøter. Fleire av prosjekta som får støtte i år tek sikte på å nå ut til etniske minoritetsmiljø.

- Frivillige organisasjonar spelar ei svært viktig rolle i arbeidet for å førebyggja vald og overgrep. Vi er avhengige av den kompetansen dei har både i arbeidet med å auke kunnskapen om vald og overgrep blant folk generelt, og ikkje minst når det gjeld å gi dei utsette barna eit godt tilbod, seier statsråd Horne.

Til toppen