Over 20 millionar til aktivitetar for barn og unge i byane

Tilskotsordninga Barn og ungdomstiltak i større bysamfunn skal bidra til betre oppvekst- og levekår for barn og unge i byane gjennom møteplassar og aktivitetar. Totalt vert det tildelt 29,7 millionar kroner til ordninga i år.

- Store byar treng trygge møteplassar der barn og ungdom kan møtast og drive med positive og meiningsfylte aktivitetar. Eg er glad for at denne tilskotsordninga kan bidra til fleire fritidsklubbar, kafear, skatehallar og andre positive samlingspunkt for barn og ungdom i byane. Det er viktig for å nå barn og unge i fare for å falle utanfor, og som ikkje brukar andre fritidstilbod, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne.

Møteplassar i byane

Føremålet med tilskotsordninga er å bidra til etablering eller vidareutvikling av positive møteplassar i byar. Møteplassane skal vere opne for alle, men med ei særskilt tilrettelegging for utsette barne- og ungdomsgrupper i alderen 10-20 år. Prosjekta har som mål å bidra til sosial inkludering og førebygge uønskt sosial åtferd, som vald, mobbing, kriminalitet og rus. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet forvaltar tilskotsordninga.

Byane som er omfatta av ordninga er Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Tromsø, Drammen, Skien, Fredrikstad, Sandnes, Sarpsborg, Bodø, Sandefjord, Larvik, Ålesund, Arendal, Porsgrunn, Haugesund, Tønsberg, Halden, Moss, Hamar og Gjøvik.

29,7 millionar i 2017

Midlar gjennom tilskotsordninga vert tildelt for tre år av gangen. Regjeringa har sett av 29,7 millionar kroner til storbyordninga i 2017. Av desse midlane vert 20 975 000 kroner tildelt no i mars på grunnlag av vedtak fatta i 2015 og 2016. Dei resterande midlane vert tildelt i mai/juni.

Sjå oversikt over tildelingane på Bufdirs sider.